Etterforskingsleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor etterlyste søndag eit mogleg vitne til kyrkjebrannsaka.

- Vi etterspurte ein person med fargerike kle. Og denne personen har meldt seg sjølv og er avhøyrt som vitne, fortel konstituert Vågsøy-lensmann Tor Sæther.

Han fortel at vitnet har forklart sine observasjonar etter at vedkommande melde seg for politiet måndag.

Politiet er likevel framleis interessert i tips frå publikum.

- Dette kan vere om folk har observasjonar eller har sett personar i det aktuelle tidsrommet, seier Sæther.

Det var natt til laurdag at nokon sette fyr på hovuddøra til Sør-Vågsøy kirke i Måløy. Brannvesenet rykte raskt ut til staden og fekk sløkt brannen.