Så langt ligg Paneda godt an i anbodskonkurransen om naudutrusting i 22 tunnelar i Oslo-området.

Dei reknar også med at det snart kjem ut anbod på oppgradering av kringkastingssystem med naudinnbryting på rundt 100 tunnelar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Vi skal gjere alt vi kan for å vinne denne kontrakten også, for vi er absolutt konkurransedyktige, seier Geir Gjørsvik, som peikar på at konkurransen om å ha lågast pris er hard.

For resultatet for fjoråret har han ikkje konkrete tal, men seier det går jamt bra.

– Det blir omtrent som budsjettert, litt opp. Men vi kjem ikkje til å gjere nokon store byks før vi får inn meir arbeid. Vi har ei forretning som tikkar og går, seier Gjørsvik, som meiner utsiktene for 2015 er gode.

– Vi forventar å få meir arbeid, vi driv masse utviklingsarbeid, og er blant dei sterkaste DAB-miljøa i Europa.