Statnett har brukt 35–40 millionar på å kable 66 kV-linja i Sørdalen i Bremanger. Men linja er planlagt riven om ikkje lenge.

Så lenge Sørdalen er heldt utanfor områda Statnett har fått løyve av namsmannen i Bremanger til å jobbe i, står arbeidet stille, men Statnett rakk å gjere noko før dei blei stansa.

– Så langt har vi sett opp to mastepunkt og rive ned 66 kV-linja som gjekk i Sørdalen, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson. Arbeidet med å legge linja i kabel i nytt rekkverk langs fylkesvegen mellom Svelgen og Ålfoten har kosta Statnett mellom 35- og 40 millionar kroner.

På sikt skal imidlertid heile linja fjernast. Myklebust grunneigarlag reagerer på den unyttige pengebruken.

– Det er ganske sjokkerande at den politiske leiinga i OED syntest det var greitt å kaste fleire millionar ut av vindauget for å flytte linja for partifellene sine, seier Ole Jonny Myklebust Elde frå Ålfoten.

– Det stemmer at det er planar om å fjerne denne linja på sikt, men vi må halde oss til det som står i vedtaket frå OED. Der står det at 66 kV-linja gjennom Sørdalen skal kablast som eit avbøtande tiltak slik at vi kan bygge 420 kV-linja i den traseen, seier Hagerup Nilson.

Les meir om kraftlinjestriden i papiravisa måndag 12. januar.