I gamle dagar hadde vi bestestover. Der hadde møblane ofte varetrekk som berre blei tatt av ved store høgtider, barnedåpar og konfirmasjonar. Møblane var tidlause og varte gjerne ein generasjon. Ofte lenger.

No har vi betre råd, større hus, ingen bestestover, og møblane skiftar vi ut etter humør og trendar. Vi ser meir på komfort og utsjånad enn at dei skal vare lenge.

Det morosame er at dersom vi kjøper ein ny sofa, så må vi ofte skifte både teppe, puter og gardiner. Det nye møbelet matchar liksom ikkje resten av stova. Dette til stor glede for møbelhandlarar og interiørbutikkar.

Eg hugsar godt då Stresslessen kom. Han blei umåteleg populær, og han gjorde Ekornes fabrikkar kjend langt ut over Norges grenser. Han danka ut gyngestolen, som til då hadde vore fast inventar i alle bestestover.

Personleg har eg stor sans for ein god gyngestol. Han skaper stemning og hygge. Min barndoms gyngestol hadde oransje trekk og var svært populær hos oss born. Meiene var lange og bua, og vi gynga med god fart fram og tilbake. Ja, vi fekk faktisk kjensla av å disse inne. Men så blei vi større og modigare, og då blei farta så stor at heile gynginga blei ekstremsport. Vi slo kolbøtte bortover golvet då stolen til slutt tippa over.

Etter Stresslessen kom reclineren. Dette monsteret av ein stol kan ein omtrent få med både innebygd kjøleskap, isbitmaskin og stereoanlegg. Og om ein ikkje vil, treng ein aldri forlate yndlingsreclineren sin. Det er berre å vippe fram fotstøtta utpå kveldinga, så er senga i boks. Eg reknar med at den snart får hjul og blir motorisert også. Då kan ein leve heile livet i godstolen.

Eit anna møbel har også endra seg mykje i mi tid. Frå den uttrekkbare barnesenga med høge gavlar og heimelaga madrassar til våre dagars rammemadrassar som er lette og enkle å flytte.

Det mest utrulege på sengefronten var då vass-senga kom på 80-talet. Det var ein heilt spesiell trend, innført av dei unge jappane. Lat oss vere ærlege, kor godt sov ein eigentleg i ei vass-seng? Og det var i alle fall risikosport for gamle folk å kome seg ut av senga.

Under eit besøk hos venninna mi Berit i Bærum med vass-seng på 80-talet, vakna eg midt på natta klissvåt, og trudde eit sekund at skandalen var eit faktum og at ulukka hadde vore ute. Eg tenkte: «Hjelp, dette har eg ikkje gjort sidan eg var tre».

Men det var heldigvis berre vass-senga som hadde punktert.