Bremanger kommune har inngått intensjonsavtale med Norsk Folkehjelp om utleige av store delar av gamle Svelgen Bu- og servicesenter som mottak for 40 mindreårige, einslege asylsøkarar.

Formannskapet har også drøfta saka og var einige om at dette ville skape aktivitet. Samtidig ønskte politikarane ikkje eit ordinært mottak, fordi bebuartalet då kunne bli høgt, opptil 120 personar.

– Krava er annleis for mindreårige asylsøkarar, seier Joensen, som anslår at det kan bli rundt 15 stillingar knytt til eit slikt mottak.

Får svaret 8. juni

Totalt har UDI Regionkontor Vest fått inn elleve tilbod i ni kommunar i anbundskonkurransen om drift av asylmottak for einslege mindreårige. Kontraktar vil bli tildelt ca. 8. juni.–

 Kan ein då klare å vere klare til oppstart 1. juli?

– Det er nok litt vel kjapt med tanke på at vi ikkje får vite noko før 8. juni. Bemanning skal på plass, og det er sikkert også ulike tilbod som må på plass avhengig av kven som kjem, seier Joensen.

Berre nokre få utbetringar

Rådmann Tom Joensen forklarer at Norsk Folkehjelp var godt fornøgde med det gamle sjukeheimsbygget i Svelgen då dei var på synfaring tidlegare i år.

– Dei var veldig interesserte i dette som flyktningmottak. Det er bygd til buføremål og det meste er tilrettelagt. Det er berre mindre justeringar, seier Joensen, som forklarar at dei må gjere noko med det branntekniske og vurdere kva ein skal gjere med det gamle taket der det har vore lekkasjer.

– Men alt i alt står utlegga vi må ta i forhold til inntektene vi får, seier han.

– Har ein kapasitet til 40?

– Vi hadde jo ayslmottak i Kalvåg der det var over 90 plassar og vi handterte det. Vi har med lag og organisasjonar, for for denne gruppa handlar det også om aktivitetstilbod. Norsk Folkehjelp ser Svelgen som ein attraktiv plass med kort avstand til det meste av tilbod i nærleiken av bustaden.