– No er vi likestilt med høgskulane og det er vi veldig nøgde med. Dette er med på å gi utdanninga ved fagskulen høgare status, og ikkje minst vil dette betre rettane til studentane våre, seier rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, Reidar Grønli.

Etter dei 47 tiltaka, vil det no vere lettare for fagskuleutdanna å gå vidare på høgskule seinare. Stortinget meiner det kan bidra til at fleire ser moglegheita i å velje yrkesfag og fagskule.

– Næringslivet manglar mange fagarbeidarar der ute. Det er eit stort behov for folk med fagskule og difor viktig at studentane våre får dei same moglegheitene og rettane som studentar på høgskular, seier Grønli.

Ei eiga eining

Administrasjonsleiar ved Fagskulen si maritime avdeling i Måløy, Inger Vedvik Nygård, erfarer at mange ikkje heilt veit kva fagskulen er, og kva det er dei tilbyr.

– Inntrykket eg har er at mange trur at fagskulen er underlagt Måløy vidaregåande skule eller Sikkerheitssenteret, men slik er det ikkje. Vi samarbeider med dei, men Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy, er ei eiga eining som tilbyr høgare utdanning som maskinoffiser eller dekksoffiser, altså maskinist eller styrmann. Studentane våre får all teorien som trengst for å løyse internasjonale sertifikat på høgste nivå, fortel ho.

I år var det 17 studentar som starta på dekksoffiser, og elleve som starta på maskinoffiser ved skulen. I tillegg er det om lag 30 studentar som tek til på andre året.

– Dei fleste som byrjar hos oss har to år på vidaregåande og to år som lærling før dei tek fagbrev som motormann, fiskar eller matros. Ein kan og ha minimum fem år relevant praksis som opptaksgrunnlag, fortel Vedvik Nygård.

Best i landet

I fjor hadde Fagskulen i Måløy det beste resultatet blant dei maritime fagskulane i landet.

– Målet vårt er at reiarlaga skal ønske seg studentar frå Måløy, og også vite at dei kan stole på at våre studentar kan det dei skal kunne, seier Grønli.

Han fortel at både lærarar og administrasjonen ved skulen har eit utstrekt samarbeid med alle dei maritime fagskulane i landet, og at dei blant anna har felles lærarsamlingar og felles eksamensordning.

– Samlingar er viktig for å klare å halde oppe kvaliteten i undervisninga, og det er også viktig for oss at alle studentar vert vurderte etter dei same kriteria og under like forhold.

Ny maskinromssimulator

Nyleg fekk fagskulen i Måløy midlar av regjeringa til å bygge opp ny og moderne maskinromssimulator.

– Dette vil gi fantastiske moglegheiter i undervisningssamanheng. Det har veldig mykje å seie at vi har oppdaterte undervisingsløysingar. Kompetansen studentane opparbeider seg hos oss heilt relevant når dei kjem ut i yrkeslivet, seier Grønli.

Rektoren fortel at skulen søkte på midlar til nyinvestering tidlegare i år.

– Vi fekk innvilga støtte på 1.3 millionar kroner. I tillegg må vi ut med ein eigendel, fortel han.

Grønli seier at maskinromssimulatoren skal vere på plass før jul.

– Til fortare vi får den opp å gå, jo betre er det for studentane. Vi er svært nøgde, og håpar studentane også blir det når seinhausten kjem, og det er tid for å ta simulatoren i bruk.