Politiet meiner å tru at brannen i Svelgen før påske kan ha starta i eller ved ei varmepumpe, men sikrare konklusjon enn det får ein kanskje aldri.

Etter fleire dagar med analyse av funn frå åstaden, og gjennomgang av vtineprov og observasjonar, meiner politiet at det peikar i retning av at brannen starta i eller ved varmepumpa i det midterste huset i Kringomvegen i Svelgen.

- Vi har ikkje konkludert, og kjem kanskje heller ikkje til å konkludere i framtida, for huset er veldig utbrent. Det gjer jobben vår vanskeleg, seier lensmann i Bremanger Hans Rune Strandos.

Han peikar imidlertid på at det er sterke indikasjonar på at brannen starta i nærleiken av eller ved ei varmepumpe.

- Det er der brannen blei oppdaga først av vitne. Brannbildet på staden i etterkant av brannen og vitneutsegn frå då brannen oppstod styrkar også denne oppfatninga, seier Strandos.

Sjølv om det kan bli vanskeleg å slå fast den eksakte årsaka, held politiet fram med etterforskinga.

- Ja, vi har folk som jobbar vidare med dette, og vi håpar vi kjem oss vidare i saka. Men ein 100 prosent konklusjon på kva som skjedde, kan bli vanskelig å nå. Men eg kan igjen streke under at det ikkje er nokon som helst slags mistanke om noko kriminelt, avsluttar lensmannen.