Kjell Askeland fortel om skrivemaskina si, som vart brukt i motstandsarbeidet under krigen.

Midt på 1970-talet, for kring 40 år sidan, selde skulestyrar Kragseth vekk eit parti skrivemaskiner av eldre modell. Maskiner som hadde vore i bruk ved Handelsskulen på Nordfjordeid.

Ei av desse kjøpte eg. I det Kragseth overleverte den sa han: «Denne maskina stod kamuflert i eit vedalad under krigen. Den var brukt til å skrive illegal avis».

Den gong tenkte eg ikkje over det. Då eg snart førti år seinare møtte Sverre Løken og fekk historia om han og Kåre Løvoll som dreiv med kopiering av engelske radiosendingar, fann eg ein muleg samanheng.

Kragseth let dei bruke stensilmaskinene sine. Det er klart nok. Dessverre spurde eg ikkje Sverre om dei også brukte denne maskina før han brått døydde i jula 2013.

Derimot opplyste han at dei brukte sokneprest Løvoll si reiseskrivemaskin. Med grunnlag i det Kragseth sa så har denne gamle Underwooden vore involvert i forboden aktivitet.

Men, kven skreiv? Var der andre som i løpet av krigen trykte illegale aviser på Nordfjordeid? Om ikkje, kan dei to karane Sverre og Kåre ha veksla på maskiner dei hadde i bruk?

I november 2015 deltok Sunneva Løken på boklanseringa i Måløy der minner frå krigsåra kom fram. Ved synet av den gamle Underwood-skrivemaskina sa ho straks:

– Far til Sverre åtte den, så den har eg sett før.

Sunneva og Sverre var alt på den tid, i 1942-43, kjærestar, trass ung alder. Det tette forholdet mellom dei gav grunnlag for at Sverre gav etter for hennar fårlege ynskje om å få fylgje med på orgelgalleriet på Eid kyrkje for å få lytte på sendingane frå London. Sunneva fortel levande om ventetida bak kyrkjegardsmuren inntil dei tyske vaktene var vekke i mørkret. Så låse opp sakrestidøra og opp på lemmen. Der radioen stod kamuflert inne i orgelet.

«Dette er London» spraka det frå høgtalaren. Sunneva heldt talgalyset så Kåre og Sverre fekk skrive ned nyhetene som strøymde på. Om krigens gang ute i den store verda. Informasjon, fri for tysk propaganda, utan nazivridning. Skriven på Underwooden, deretter stensilert på Kragseth sin stensilmaskin, og så i ly av nattemørkret fordelt til husstandar på Nordfjordeid.

– Spennande og fårleg. Eg hugsar det så vel, fortel Sunneva.

Denne maskina stod kamuflert i eit vedalag under krigen. Den vart brukt til å skrive illegal avis.