Dei kunne glede seg over at engasjementet var mykje større. Folk møtte opp mannssterke. Mellom 150 og 200 personar gjekk i tog frå Hauge skule til helsestasjonen.

Det var politikarar til stades under fakkeltoget, men ingen av desse heldt appell.

Vil samlokalisere

Det var i fjor at to prosjektgrupper la fram forprosjekt der ein såg på endringar og omorganisering i både skule- og helsesektoren med utgangspunkt i kommunen sin økonomi. Framskrivingar viser fleire eldre og sjuke, og færre barn i skulane i Bremanger.

Eitt av forslaga innan helsesektoren var å samlokalisere helsestasjon, jordmor og legetenesta i Svelgen.

Medan kommunestyret sette foten ned for flytting av legekontoret på Hauge til Svelgen, er jordmortenesta no allereie borte frå Hauge. Og no vil innbyggarane ha lovnader om at helsestasjonen får bli.

- No seier vi frå og så håpar vi politikarane høyrer på oss. Vi vil la dei vite kor viktig dette er for oss. Dette er nok ein ting som enten forsvinn eller som ein snakkar om skal forsvinne. Vi har gått rundene med legekontor, ambulansetenesta, jordmor. Det gir dårleg eksistensgrunnlag. Og med helsestasjonen mister vi ting vi har krav  på, sa ein av dei tre initiativtakarane Jeanette Kristiansen Grotle til Fjordenes Tidende tidlegare i dag.