– Vi ser at det er ei spesiell sak der ingen tar ansvar. Med det lovverket vi har i dag så er det ingen som vi lett kan seie har det juridiske ansvaret. Skulle dette blitt avklart måtte vi ha gått gjennom ein rettsprosess. Det er ein prosess som høgst sansynleg hadde tatt fleire år, så det har ikkje vore ei aktuell problemstilling for oss. Vi vil kome oss vidare, seier Selje-ordførar Stein robert Osdal (KrF).

Det andre alternativet er at ein får til ei avtale om subsidiert leige på tomta.

– Opplysningsvesenets fond legg då til rette for at det kan kome hotellaktivitet for ein rimelegare penge enn det normalt hadde vore på tomta. Då blir det framleis ei festa tomt og vi kan ikkje låne pengar til opprydning. Då må vi bruke oppsparte midlar. Vi har ein miljørapport som seier av det vil koste mellom 3,5 og 4 millionar, forklarar Osdal.

Kostnadane ved opprydding vert finansiert ved bruk av disposisjonsfond.

Formannskapet i Selje var kjent med desse opplysingane i sitt møte i førre veke og bestemte seg for at dei ønskjer å forhandle fram ei avtale med Opplysningsvesenets fond om subsidiert feste og at kommunen går inn og ryddar tomta.

Han er kjent med at det er interessentar som er villige til å gå inn med hotelldrift i Selje.

– Nokre har vore ute i media og eg har hatt ein dialog med andre. Eg er optimistisk til at her blir arbeidd med å få etablert eit hotell. Grunnen til at det ikkje har skjedd før har vore at situasjonen har vore veldig uavklart, seier ordføraren.

Han håpar kommunestyret går inn for vedtaket som vart gjort i formannskapet.

– Eg håpar endeleg at vi går for dette vedtaket som formannskapet har landa på. Prosessen vidare er at vi må lyse opprydninga ut på anbod, seier Osdal.

I rådmannen sitt framlegg til vedtak i kommunestyret heiter det at:

1: Selje kommune tek initiativ til å rydde branntomta – Selje hotell. Dei formelle og juridiske sidene må sikrast i eit samarbeid med Sparebanken Vest og bustyrar. Den kommunale investeringa må reknast som ei forskottering for nyetablering og sikrast gjennom ein forpliktande avtale.

2. Det vert framforhandla ein avtale med OVF kring festevilkår og kjøp av tomta som opsjonar for

framtidige investorar.

3. Kostnad ved opprydding vert finansiert ved bruk av disposisjonsfond.