Heilt einige klarte dei ikkje å bli. På spørsmålet om kor kystvegen skulle gå sørover frå Svelgen, var det eit mindretal på tre som ønskte trasé via grov i indre Flora, medan dei seks andre stemte for ytre trasé over Terøya.

Terøya-alternativet kortar mest inn vegen til Florø, medan Grov-alternativet, som også er billegare, kortar mest inn vegen til Førde.

- Eg hadde håpa vi skulle bli heilt einige, men det var umogleg å kome lenger enn dette, seier styreleiar Reidar Sandal til Fjordenes Tidende.

Slik stemte styret på ni:

Reidar Sandal, styreleiar: Terøya

Kristin Maurstad, ordførar i Vågsøy: Terøya

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger: Terøya

Ola Teigen, ordførar i Flora: Terøya

Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal: Grov

Olve Grotle, ordførar i Førde: Grov

Jorunn Frøyen: Terøya

Hans Petter Selstad: Grov

Stein Kvalsund: Terøya

På denne traseen er styret dermed ikkje einige med Statens vegvesen som meiner Grov-alternativet, ei opprusting av dagens veg, vil vere best.

At traseen nordover skulle gå frå Biskjelneset til Tongane var styret heilt einige med Vegvesenet i.

Det er også viktig for styret å presisere at dei meiner utbygginga bør gå i ei anna rekkefølgje enn Statens vegvesen tilrår.

- Vegvesenet ser det som riktig å starte med å bygge frå Haukå og nordover mot Svelgen. Kystvegstyret vil heller prioritere byggestart på Svelgen-Indrehus, som allereie ligg inne på marginallista. Deretter vil vi ha brukryssing over Nordfjord, ny veg frå Svelgen til Sørdalen og til slutt ny veg frå Indrehus og Myklebustdalen, via Terøya til Florø, seier Sandal.

Her kan du lese heile Kystvegen Måløy-Flora si fråsegn etter onsdagens styremøte:

Traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø, fråsegn frå styret i Kystvegen Måløy – Florø AS

Styret i selskapet har behandla saka om traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø på sitt møte 15.3.2017. Fråsegna vår er som følger:

Sentrale moment

Følgande moment er det lagt særleg vekt på i vurderinga av saka om traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø:

  • Måloppnåing

  • Etablering av eit felles bu- og arbeidsområde

  • Reisetider

  • Trafikksikkerheit

  • Utbyggingskostnader

  • Funksjonalitet

  • Andre samfunnsomsyn, f. eks. mogleg opparbeiding av og tilgang til nye næringsareal

  • Realisme i forhold til regionale og nasjonale styresmakter

  • Utbyggingsrekkefølge

  • Finansiering

Val av trasé

På grunnlag av det tilfanget av saksdokument som ligg føre, og dei drøftingane i saka som ein har hatt over tid, uttaler styret i Kystvegen Måløy – Florø AS følgande:

Det bør byggast ny veg frå rv. 15 på Almenningsfjellet i Vågsøy til Biskjelneset i same kommune. Derfrå må det byggast bru over Nordfjord til Tongane i Bremanger kommune, slik Statens vegvesen har peikt på som ei aktuell løysing.

Etter selskapet si vurdering er det ikkje tilrådeleg å bruke store midlar på å legge til rette for ei ny ferjeløysing mellom Tongane og Biskjelneset som erstatning for noverande samband mellom Oldeide og Måløy. Ein er klart kritisk til ein slik ressursbruk samtidig som løysinga inneber lang reisetid. Ein oppfyller dermed berre i klart avgrensa grad målet om å skape eit felles bu- og arbeidsområde med akseptabel reisetid.

På strekninga frå Tongane må det opparbeidast veg og tunnel til Hamnen med tilkopling til fv. 616 (Bremangersambandet). Den nye kystvegen må så følge den noverande veglinja via Kolset og Bortnen til Sørdalen.

Frå Sørdalen til Svelgen må det byggast ny veg i samsvar med dei planane som Statens vegvesen har lagt fram.

På strekninga frå Svelgen til Indrehus må kystvegen gå i tunnel slik det er gjort greie for i Statens vegvesen si utgreiing. Den sistnemnde strekninga er allereie teken med på Sogn og Fjordane fylkeskommune si marginalliste for framtidig vegbygging.

Frå Indrehus til Myklebustdalen må vegen bli bygd ut i samsvar med den tilrådinga som Statens vegvesen har presentert.

På strekninga frå Myklebustdalen til Flora må kystvegen bli bygd etter det ytre alternativet, via Terøya og til Botnastranda. Det er også peikt på som ei av to aktuelle løysingar i Statens vegvesen si utgreiing. Ein slik trasé vil gi kortast reisetid mellom Måløy, Svelgen og Florø. Den vil dessutan opne for ein alternativ innfartsveg til Florø.

Når det gjeld spørsmålet om opparbeiding av nye næringsareal, vil trasévalet som her er tilrådd, gi Vågsøy kommune gode sjansar for tilrettelegging for slik arealbruk i Vemmelsvik. I Flora vil Terøyalternativet gi tilgang til område som i dag manglar vegsamband, og legge til rette for mogleg opparbeiding av nye næringsareal.

I si tilråding har Statens vegvesen lagt til grunn at ferjesambandet Isane – Stårheim blir oppretthalde etter at den nye kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora er bygd ut. Styret i Kystvegen Måløy – Florø AS tek den framstillinga til etterretning.

Utbyggingsrekkefølge

Kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora bør byggast ut etter følgande prioriterte rekkefølge:

  1. Ny veg frå Svelgen til Indrehus

  2. Bru frå Tongane til Biskjelneset med tilførslevegar til rv. 15 på Almenningsfjellet og fv. 616 ved Hamnen

  3. Ny veg frå Svelgen til Sørdalen

  4. Ny veg frå Indrehus og Myklebustdalen, via Terøya til Florø

Styret gav einstemmig tilslutning til ovanståande tekst, med eitt unntak. Avsnitt fem (på side to) om traséval frå Myklebustdalen til Flora var det ueinigheit om:

  • Seks styremedlemmer stemte for utbygging etter Terøyalternativet.

  • Tre styremedlemmer stemte for utbygging etter Grovalternativet.