Reiarlaget Frøybas frå Bremanger vann full siger i lagmannsretten. Dei får behalde fiskekvotane til ein verdi av 23 millionar kroner.

Det melder Firdaposten.

Reiarlaget Frøybas gjekk til rettssak mot Fiskeridepartementet. Først fekk Eivind, Ronny og Roy Larsen i reaiarlaget klarsignal om å kjøpe fiskerettar, deretter ble dei trekt tilbake.

Grunnen var at Fiskeridirektoratet meinte Thomas Bjørnø, som brørne Larsen hadde kjøpt snurrevadbåten Tilje og kvoterettane saman med, ikkje hadde budd lenge nok i Nord-Norge til at han kunne flytte kvotane sørover. Kravet er ifølgje direktoratet 12 månadar butid.

I 2015 sa Olso Tingrett at brørne skulle få tilbake strukturkvotane, men ikkje hovudkvoten. Det var ikkje bra nok, meite Frøybas-reiarlaget. Dei anka saka og den gjekk i Borgarting Lagmannsrett 9. til 12. februar i år.

No har Borgarting Lagmannsrett sagt sitt, og står på at Frøybas får behalde både  strukturkvotane og hovedkvoten.

Frøybas-reiarlaget skal også få dekka sakskostnadane sine.