Laksen er målt til 91 cm lengde og den berekna vekta utifrå lengda er sagt å vere rundt sju kilo.

Ifølgje leiar i Eid sportsfiskarlag, Dag Ståle Leivdal, er dette ein av dei første laksane som blei landa.

– Det har vore tatt fem-seks laksar så langt, som eg veit. Ein har fått fisk på Alsaker, Langeland, Roti, Skipenes og to laksar på Staten, som er nedste sone, seier Leivdal , som er fornøgd med opningsnatta.

– Det er fin fisk som har vore tatt. Det har vore ei fin natt. Litt kaldt, med nysnø i toppane, men det har vore fint å vere ute og komme i gang med fiskesesongen. Eg trur det blir ein bra sesong, seier Leivdal, som sjølv ikkje hadde fiskelykke på opningsnatta.

Les meir i papirutgåva fredag 2. juni.