– Eg tenker at om ein må velje mellom å gå på NAV, eller ei usikker framtid i møte, har ein ingenting å tape på å forsøke å stå på eigne bein, seier Silje Aga Larsen (29), som har arbeidd som vikar og ringevikar den siste tida.

Saman med sambuaren Marius Frøyen skapar ho no sin eigen arbeidsplass gjennom Frøyen vaktmesterservice.

Vaktmeisterselskap

Problemet med å finne seg fast jobb var blitt så stort at tankane til sambuarparet var begynt å streife innom flytting.

– Men vi prøver alt før vi flyttar, seier Aga Larsen.

Frøyen, som har fagbrev som prosessoperatør og også har jobba som tømrar, fekk nyleg jobb som matros i Fjord1. Han jobbar ei veke på og to veker av, noko som gjer at han har tid til firmaet når han er heime.

Silje kjem rett frå permisjon med deira yngste barn og tida var dermed inne.

– Å få ei 100 prosent fast stilling i Kalvåg er ikkje det lettaste. Vi vel å brette opp ermane og sjekke om det er ein marknad for dette. Vi veit ikkje noko før vi har prøvd, seier ho.

Ei hjelpande hand

– Kva kundar er aktuelle?

– Det er eigentleg alle, men gjerne eldre, eller dei som har fullt opp i kvardagen. Vi kan vere ei hjelpande hand. Vi tilbyr veldig mykje, det kan vere alt frå å hente posten, vaske huset, handling og snikkararbeid, seier 29-åringen, som har bakgrunn som omsorgsarbeidar. Dei har allereie fått inn nokre jobbar i sitt nystarta firma. Kontoret har dei førebels i eige hus i Kalvåg. Men om firmaet verkeleg slår an, ser dei for seg at det kan bety fleire arbeidsplassar.

– Og det treng vi her i Kalvåg, seier Frøyen.