Partia i Bremanger hadde freda gårsdagen for forhandlingar grunna ei gravferd, så det er først i kveld at forhandlingane kan starte. No går Ap for samarbeid med V og H - og sjølvsagt ordførarposisjonen.

Ap blei største parti i Bremanger med åtte representanter, og 34,7 prosent av stemmene, og er storebror i forhandlingane.

Går bort frå Sp

Bremanger blei i førre periode styrt av ein raudgrøn konstellasjon med 12 mandat (Ap, Sp og SV), men no ser Ap andre vegar.

- Vi har eit felles møte med Venstre og Høgre no i kveld, seier Åse Leirgulen, medlem av Ap sitt forhandlingsutval.

- Kjem de i hamn i kveld?

- Eg har tru på det. Det er ein veldig stor vilje frå alle si side om å få til eit samarbeid og ei løsying. Men det er jo ein del saker som vi må diskutere gjennom, og ein del posisjonar som skal fordelast. Allt det må klaffe.

Høgre har fått fiem representantar i det nye kommunestyret og venstre tre. Til saman vil eit slikt samarbeid altså telle 16 av dei 23 representantane i Bremanger sitt kmmunestyre.

Vil ha ordføraren

- De er det største partiet, det er vel naturleg å gå for ordførarposisjonen?

- Det er det vi ønskjer og har som utgangspunkt, seier Leirgulen.

- Må de fire på nokon krav for å kome dykk dit?

- Det er det nok litt tidleg å seie, avsluttar Leirgulen.

Saman med Leirgulen i forhandlingsutvalet for Ap sit Per Helge Eikeland, Nina Grotle og Leo Cirotzki.