- Målet mitt er å få dei ut av dalen igjen, seier Ole Jonny Myklebust Elde etter at namsmannen i Bremanger nok ein gong har gitt Statnett tilgang til å bygge 420 kV-linja i Myklebustdalen.

Grunneigaren frå Ålfoten presiserer at han snakkar for seg sjølv, men han veit at det er fleire i grunneigarlaget som har same innstilling som han.

– Det er sjølvsagt Myklebust grunneigarlag som saman tek avgjerda om å halde fram. Men denne saka representerer så grove overtramp at det for meg er heilt uaktuelt å legge ned våpna, seier grunneigaren.

Saka er uansett allereie tatt eitt steg vidare i og med at grunneigarlaget har klaga namsmannen si avgjerd inn for Fjordane tingrett.

– Vi meiner han burde utsett saka. Men det er han som må stå inne for sine vurderingar.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.