MC-klubben Njords Men frå Bremanger sluttar seg til den landsomfattande MC-paraden mot mobbing.

– Dette handlar om å bidra til å kjempe mot mobbing og vise lokalsamfunna at vi som MC-klubb tek samfunnsansvar og avstand frå all form for mobbing, seier Kjell Larsen, president i motorsykkelklubben i ei pressemelding.

Han poengterer at dei aller fleste MC-klubbar nettopp er tufta på kameratskap og gjensidig respekt for kvarandre.

– Det er blant anna med bakgrunn i dette at vi ønskjer å stå fram og gi vårt bidrag i kampen mot mobbing, seier han.Inntektene frå det nasjonale arrangementet vil gå til Odin-stiftinga.

10. mai går det nasjonale arrangementet av stabelen, med MC-parader over heile landet.

MC-klubben Njords Men ønskjer imidlertid å bruke denne anledninga til å lage eit arrangement også i eige nærmiljø.

– Og for at medlemmer i klubben skal kunne slutte seg til organiserte parader 10. mai, ønskjer vi å arrangere vårt lokale arrangement laurdag 9. mai, seier Larsen.

Bakgrunnen for avgjerda om eit lokalt arrangement er eit sterkt ønske om å jobbe mot mobbing i skule, barnehage og organiserte aktivitetar i eigen kommune.

– Vi vil ta ansvar og vise vår avsky for mobbefenomenet samtidig som vi ønsker å vise vår solidaritet med og støtte til mobbeoffer og deira familiar.

Heile saka stod i papiravisa onsdag 15. april.