75- årsjubileet for Måløyraidet og Pearl Harbor blir markert med eit spesielt show under Elvisfestivalen.

– Dette blir Elvisfestivalen sin måte å markere at det er 75 år sidan Pearl Harbor og Måløyraidet, fortel Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

«Such a night»

Festivalen presenterer showet «Such a night», som Elvis sjølv heldt i Pearl Harbor i 1961 til inntekt for eit minnekapell etter forliset av slagskipet Arizona, der nær halvparten av dei om bord omkom under åtaket.

Avgjerande slag

7. desember 1941 skjedde åtaket på Pearl Harbor, og tjue dagar seinare skjedde Måløyraidet.

– Begge var avgjerande hendingar i krigen. Pearl Harbor fekk amerikanarane inn i krigen, og Måløyraidet var ein del av snuoperasjonen, seier Hjelle.

Fortuno tilbake

Til «Such a night», som blir festivalen sitt hovudshow i teltet på laurdagen, har festivalen henta inn ein populær artist.

– Vi har henta inn Johnny Fortuno frå Hawaii til å halde showet, fortel Hjelle, som fortel at mange har etterspurt den populære Elvis-imitatoren.

– Det blir fantastisk å få Fortuno tilbake. Alle oppfordringane om å få han tilbake er litt av grunnen. Han har også lyst å komme tilbake, smiler Hjelle og fortset:

– Vi har også venta med å hente han tilbake, slik at vi kunne få han til dette jubileet og markeringa.

Solid kveldsprogram

I tillegg til hovudshowet «Such a night» blir det i tillegg fire delshow i løpet av kvelden. Det også med ein internasjonal vri.

– Vi har fått med Gordon Hendricks, som er rekna som ein av dei beste Elvis-artistane. Han kunne ikkje komme i fjor, fortel Hjelle om artisten frå Storbritannia.

Johnny Fortuno skal også halde sitt eige show «Johnny Fortuno live in Maloy». Kvelden byr også på lokale artistar som Håkon Kongshaug og Chris Nedreberg Silden. Elvisfestivalen blir arrangert for tredje året på rad 11.–13. august i Måløy.