Etter det Statens vegvesen beskriv som ein tøff start på sommaren, håpar dei no at folk vil sette ekstra fokus på trafikksikkerheit.

Så langt har 16 mista livet i juni, og seks hittl i juli. Vegvesenet fryktar at talet vil stige opp mot 50 i løpet av sommaren, og forventar samtidig rundt 1 700 trafikkulukker.

Auka risiko

- Ulukkene er mange og konsekvensane alvorlige i sommartrafikken. Auka trafikk betyr auka risiko, og alle som ferdast på vegen har eit ansvar, seier Rita Helen Aarvald i Vegvesenet.

Med ni omkomne i juni i fjor, har talet auka kraftig. Vegvesenet seier at utforkjøring er typisk for sommaren, og at dei fleste er over 45 år.

Nytt verktøy

- Bilistar, og særleg MC-trafikantar, må passe på farten og beskytte seg med belter og hjelm. Dette gjeld dei erfarne så vel som dei unge, understrekar Aarvald.

No har også Statens vegvesen lansert ein ny teneste som skal bidra til at folk kjem raskt og sikkert fram.

VegvesenTrafikk gjer full oversikt over mellom anna trafikkavvikling, arbeid, bomstasjonar og ferjer. I tillegg har den òg ein ruteplanleggar.