Folket på Ytre Skårhaug i Eid fortvilar over at den kommunale vegen framleis er stengt på grunn av rasfare.

– Dette tar vi på alvor. For å fjerne ein kvar tvil om det sender vi no ut eit brev der vi presiserer at vegen skal vere opna 1. september. Om ikkje dette er gjort vert det dagmulkt, påpeikar ordførar Alfred Bjørlo (V).

Vegen vart i vår stengt grunna masseuttaket, då ein frykta rasfare frå skjeringa mellom masseuttaket og vegen. Dette skulle vere ei kortvarig stenging til det vart utført fjerning av skjeringa.

Siste tida har fleire beburarar sendt inn klagebrev til kommunen der dei etterlyser svar.

– På meg verkar det som det er entreprenøren, og ikkje kommunen, som har styringa med dette, skriv Are Fagerli i brev til kommunen.

Ikkje tilfreds

– Stenginga har trekt ut lenger i tid enn både vi og Statens vegvesen er tilfreds med, seier Bjørlo, og innrømmer at breva frå bebuarane gir eit press på at noko vert gjort i saka.

– Eg har ingen problem med å forstå frustrasjonen hos bebuarane, og er heilt einig i at det er ein fortvila situasjon. Eg forstår dei blir urolege. Men no har vi satt ein endeleg dato, sjølv om eg ikkje kan garantere at vegen er opna til 1. september. I så fall slår det inn med dagmulkt, seier ordføraren.

Også Mariann Bjørkedal har reagert og skrive brev til kommunen. Ho minner om at ein stengt veg fører til auka trafikk, då både tur og retur går same veg, og at barn ferdast her.

– Her er dårleg veg, mykje støv, store holer som kan øydelegge bilar og medfører støy, skriv ho.

Fryktar ulykker

Kjetil Inge Sætre etterlyser svar på kva som skjer i høve opprusting av vegen og nedsatt fartsgrense på Rv. 15.

– Det er no vedteke utviding av masseuttaket. Reknar då med at det ligg inne sikker påkøyring til Rv. 15 med nedsett fartsgrense. Håper ikkje det må skje ei ulykke, før det vert reagert, skriv Sætre.

– Vedlikehald på vegen står til stryk. No må eit kvart skje raskt. Slik det er no finn vi oss ikkje i lenger. Trafikksikkerheita er under all kritikk. Besøkande køyrer inn på Rv. 15 på Skårhaugneset, og skjer det ei ulykke her no er det dykkar ansvar, meiner han.

Har sendt brev

Eid kommune har no sendt brev til entreprenøren med førehandsvarsel om tvangsmulkt dersom nødvendig sikringsarbeid ikkje vert gjort før 1. september.

Kommunen har tidlegare gitt pålegg om retting av ulovlege tilhøve og krav om umiddelbar sikring av laus stein som har overhengande fare for å rase ned frå voll og fjellskjering mot kommunal veg.

Fristen vart munnleg forlenga som følgje av at sikringstiltaket var meir omfattande enn først førespegla.

– Vi ser no at det har vore stillstand i arbeidet sommaren 2016 og at oppryddingsarbeidet ikkje i dag heller pågår med full styrke. Vi vurderer det difor slik at pålegget vert etterkome i samsvar med tidlegare pålegg, skriv plan- og utviklingssjef Kristine Dahl i brev til entreprenøren.

Det vert ilegging av tvangsmulkt og dagmulkter dersom det ulovlege forholdet ikkje er retta innan 1. september.