Torsdag var siste eksamen, fredag pakka dei og laurdag reiste Katrine Ask og Mariell Habbestad til Tanzania med mål om å bestige Kilimanjaro for å samle inn pengar til AIDS-senteret dei skal jobbe for.

– Vi pakkar. No er det berre timar igjen, seier Katrine Ask (22) frå Svelgen og Mariell Habbestad (21) frå Bergen då Fjordenes Tidende ringer fredag.

Dei veit ikkje heilt kva dei kan forvente på dei tre månadane dei skal jobbe i Tanzania. Dei har heller ingen erfaring i å hjelpe menneske med HIV og AIDS, men dei veit at dei ønskjer å utgjere ein forskjell når dei først er ute i verda for å oppleve noko annleis, fortel jentene, som reiser som del av praksisperioden på vernepleiarstudiet ved HiB.

– Vi vil gje dei noko tilbake. Derfor fekk vi ideen om å starte ei innsamling til senteret der vi skal ha praksis dei neste månadene.

Afrikas høgaste fjell

For å gjere det heile litt meir interessant vil dei også bestige Kilimanjaro, Afrikas høgaste fjell, på heile 5.895 meter.

– Vi har sjølvsagt lyst å gjere det, men det gjer det også litt meir spennande for folk å følgje med, seier dei to turglade jentene.

Dei innrømmer at det med eksamen rett før avreise ikkje har vore mykje tid til opptrening.

– Men det er ikkje den fysiske formen som er utfordringa. Det er heller faren for høgdesjuke som eventuelt vil stoppe oss, seier Katrine.

Med seg skal dei ha lokale guidar, og turen opp og ned tek seks dagar.

– Vi må ha med oss alt frå shorts til boblejakke. Temperaturen kan variere frå 30 grader pluss til minus 15, seier Mariell.

Håpar folk gir

Jentene håpar folk vil følgje dei på turen via Facebook-sida «Til Kilimanjaro mot AIDS». Og – sjølvsagt – donerer pengar.

– Sjølv om AIDS kanskje har blitt ein meir gløymt sjukdom her hos oss, lever framleis 1,5 millionar menneske med AIDS i Tanzania. Det er den vanlegaste dødsårsaka i landet, seier Mariell.

Tal frå FN estimerer at 46.000 menneske døydde av AIDS i Tanzania i 2014. Det har ført til ein flaum av foreldrelause barn, og det finst også fleire hundre tusen barn som er smitta av sjukdommen sjølve. I tilknyting til senteret der jentene skal jobbe er det derfor oppretta barneheim for barn som har mista foreldra til AIDS.

Gir informasjon

Senteret Women against AIDS - Kiwakukki, der dei to studievenninnene skal ha praksisplass, bekjemper HIV og AIDS gjennom førebygging, rettleiing og informasjon.

– Dei reiser mellom anna rundt, på skular og andre stader og informerer, gir rettleiing til dei som er smitta og ramma av sjukdommen og driv testing for å påvise AIDS. I tillegg hjelper dei også folk som er sjuke med pleie og daglegdagse gjeremål og gir støtte til etterlatte, seier Katrine og Mariell.

Dei veit enno ikkje heilt kva arbeidsoppgåver dei får når dei kjem ned, men trur det blir variert.

– Dei jobbar i heile Kilimanjaro-distriktet. Eg trur vi i stor grad kan få påverke det vi skal gjere, seier Katrine, som fortel at det jobbar cirka 400 kvinner og 100 menn ved senteret.

– Kvifor hadde de lyst å reise så langt for å ta praksisen?

– Vi ville oppleve ein ny kultur på ein annan måte enn ferie, og vi føler på ein måte at vi kan bidra endå meir her, seier Katrine og får støtte av Mariell.

– Då vi fekk denne mulegheita, måtte vi ta den.