Det fortel rektor Thomas Hals.

– Det er endå fleire skular og klassar med no enn før, og fleire større skular har satsa i år enn tidlegare. Fjerde trinn ved Kjølsdalen Montessoriskule vert utropt som fylkesvinnar i Sogn og Fjordane, og vil grunna dette motta ein gåve frå Miljøagentane i form av eit mini-veksthus og materiell til å utforske insekter nærare med, skriv rektoren i ei pressemelding.

– Men, det er ikkje konkurransen som er det viktigaste. Aksjonen gjer barna og ikkje minst dei vaksne (i nærmiljøet, som vert «mast» på av ivrige og strenge barn) meir viss på kva både batteri, men også anna skrot gjer av ugagn mot naturen vår.

Det er fleire barn i Kjølsdalen som har meldt seg inn i organisasjonen Miljøagentane under aksjonstida. Og dei planlegg no å starte opp eit lokallag av Miljøagentane i Kjølsdalen. Dette er kanskje den største gevinsten generert av aksjonen.

Heile 12.500 elevar og 582 klassar har vore med i konkurransen. Til saman har dei samla inn 79,5 tonn med batteriar.