Stadlandet Bedriftsforening vil hjelpe Selje kommune med drift av legekontoret.

– Vi har fått innspel frå medlemer på at vi skal vise eit privat initiativ i denne saka, seier Anfinn Sjåstad, som er leiar i Stadlandet Bedriftsforening.

Sjåstad seier at om det er husleige og vedlikehald det står på i saka, må det gjevast uttrykk for det. Han trur at dei har medlemer som kan bli med på å sponse husleiga til legekontoret og ta på seg eventuelt vedlikehaldsarbeid.

– Vi ser legekontoret som viktig for alle, og vi er veldig interesserte i år finne løysingar slik at det ikkje blir nedlagd, seier Anfinn Sjåstad.

I eit brev til Selje kommune skriv foreininga at det er to forhold som skaper bekymring for næringslivet. Det eine er at handelsstanden vil tape handel om ein ikkje lenger har legekontor i bygda. Det andre er den forlenga avstanden som bedriftene og dei tilsette vil få til legekontoret.Stadlandet Bedriftsforening har 36 medlemsbedrifter som omset for 900 millionar kroner.

– Tyngdepunktet av næringslivet i Selje kommune er på Stadlandet, så dei bør høyre på oss, seier Anfinn Sjåstad.

Les meir om dragkampen rundt legekontoret på Stadlandet i papiravisa måndag 25. august.