Maja Bjerck Færestrand har tatt imot kundar i den nye frisørstolen sin i Måløy i om lag ein månad. For frisøren er det viktig å ta omsyn til miljøet på arbeidsplassen.

– Fordelen for min del er spesielt dette med at det er fargar utan ammoniakk. Eg kjenner ingen sterke gassar eller lukter. Ein ting er at det er betre for kundar som slit med allergi eller er ømfintlege, men samstundes er det betre for meg som står og jobbar i dette miljøet heile dagen, fortel Bjerck Færestrand, og legg til:

– Samstundes syns eg det er veldig fint at produsentane har tenkt berekraft undervegs i prosessen med å lage produkta. Her er alt vurdert med tanke på kva dei inneheld, men også korleis produkta er pakka inn.

Det var under tida som frisør på salongen Hope i Oslo at ho fatta interesse for dei grøne produkta som ho no har tatt med seg til Fjellmøybuda.

Bjerck Færestrand flytta saman med mannen Eirik og barna Ella og Even tilbake til Måløy etter 20 år i Oslo og Førde før jul.

5. september starta ho opp Studio-M.

– Det har vore veldig kjekt å starte opp. Det er fint å vere her som det er litt meir kjente fjes. Sjølv om det også er mange ukjente, har ein på ein måte litt meir til felles når ein kjem frå same plass, smiler frisøren.

Tidlegare har ho vore med å starte opp salongen Nikita i Førde der ho var dagleg leiar, noko ho også var på Nikita på Oslo City, ho har jobba på salongen Hope i Oslo, drive sjølvstendig i hovudstaden og dreiv salongen på Måløy Stormarked i åtte månadar.

– Dagleg leiar-stillinga var veldig spennande, men det er ekstra kjekt å halde på for seg sjølv. Eg bestiller inn mine eigne produkt, har eige rekneskap og driv min eigen business. Det blir meir personleg når kundane kjem til meg, og ikkje går til meg på grunn av merkevara eg jobbar for, seier Bjerck Færestrand, og legg til:

– Det er ein del arbeid knytt til å jobbe seg opp, og eg har ikkje fulle lister enno. Eg høyrer mange seie at det er umogleg å få seg time i Måløy, men det er det ikkje no lenger om ein er villige til å prøve nokon andre. Eg var jo her i åtte månadar, så heilt framand er eg ikkje, smiler frisøren.