Blom Fiskeoppdrett ønskjer å etablere eit matfiskanlegg ved Silda i Vågsøy. Dette blir ikkje godt imotteke av velforeininga på øya, som fryktar støy og øydelagde fiskeplassar.

– Det vi er redde for er at det blir mykje støy. Det har blitt eit rekreasjonsområde. Når ein går ut på terrassen med ein kopp kaffi om morgonen, så er det einaste du høyrer kanskje nokre fuglar som kvitrar, og er vindretninga rett så får du kanskje med deg nokre båreskvulp ned i fjøra. Her er jo ikkje ein bil eller noko verdas ting. Der er stilt, seier leiar Tore Johansen i Silda Velforening

Rekreasjonsområde

Blom Fiskeoppdrett har søkt om å etablere eit matfiskanlegg med seks merdar i eit område regulert for akvakultur, aust for Silda. Etter at velforeininga oppdaga søknaden om oppdrettslokalitet på postlista til Vågsøy kommune, tromma dei saman til eit møte i helga og sende protestbrev til både fylkeskommunen og kommunen.

– Det alle framheva på møtet var at dei er livredde for eit anlegg som ikkje skal ha noko landforbindelse, og som blir gåande på aggregat. I tillegg har ein desse plastrøyra som fôret går i, som lagar lyd, seier Johansen, som blei overraska over responsen på møtet.

– Eg hadde rekna med det kom fire-fem personar, men plutseleg var rommet vi hadde lånt på skulen smekkfullt. Og vi måtte sette stolar ut i gangen.

Fiskeplass, korall og naturvern

Velforeininga peikar også på fiskeplassane ved øya.

– Ein har alltid snakka om at ein skal nord i Klakkane for å fiske sei, og Klakkane ligg ved det eine ankerpunktet på dette anlegget. Og då øydelegg ein den plassen. Dei seier at det er ein lokal seistamme der, seier Johansen, som har fiska i Klakkane sidan oppveksten.

Der anlegget er planlagt blir også hevda å vere ein god kveiteplass. På møtet kom det også fram, frå fleire sjarkfiskarar, at der også er eit lokalt korallrev.

– Det kan ikkje eg dokumentere, men korallrev er jo noko som ein er livredde for å øydelegge. I tillegg har vi eit naturvernområde på den nordlege delen av Silda. Vi får ikkje lov å gå der ein gong, og at dei skal kunne få legge eit anlegg så tett opp under det, det kan vi ikkje forstå. Vi forstår heller ikkje kvifor anlegget må ligge så tett opp i fjøra, seier Johansen.

Arbeidsplassar

I søknaden om oppdrettslokalitet er det framheva at det kan føre med seg to-tre arbeidsplassar. Men velforeininga trur ikkje dette vil bli lokale arbeidsplassar.

– Dei fastbuande på Silda er pensjonistar alle saman, seier Johansen, som anslår talet fastbuande på øya til 15–16.

– Det er ikkje ein plass for arbeid lenger. Det er ein rekreasjonsplass. Dei fleste reiser dit for å slappe av. I påska fann eg ut at det var 250 menneske der nede, og om sommaren er det også mykje båtturistar og småbåthamna er stapp full.

Vil investere og tilsette

Blom Fiskeoppdrett, som har søkt om oppdrettslokasjonen, synest velforeininga ser vel mørkt på planane.

– Og det synest eg ikkje dei har grunn til. Vi kjem til å investere og tilsette folk. Vi ønskjer å bidra til at det skal bli ein positiv sak for lokalbefolkninga, seier Øyvind Blom etter å ha lese protestbrevet.

Han fortel at selskapet har god dialog med kommunen.

– Vi opplever at både administrasjonen og politikarar er positive til prosjektet, seier han og peikar på at forundersøkingar visar at det er eit godt område for oppdrett.

Dei søkjer også om dispensasjon frå arealplanen, sidan fortøyingar vil komme utanfor regulert område.

– Dette vil ikkje vere til hinder for fiskeriinteresser eller rekefelt. Det jobbar vi maksimalt for.

Peikar på dei positive ringverknadene

Sverre Søraa i Coast Seafood peikar på positive ringverknader med eit oppdrettsanlegg ved Silda.

Sverre Søraa ønskjer å invitere til dialogmøte og folkemøte om oppdrettsanlegg.

– Det er kjempeviktig for Vågsøy å vere med på den næringa som er peika ut til å vere framtidsnæringa i Norge. Og vi leitar med lys og lykter etter moglegheiter for å etablere oss med lokalitetar i Vågsøy, seier Søraa.

Coast Seafood eig 34 prosent av Blom Fiskeoppdrett.

– Lokaliteten vil gi to-tre arbeidsplassar og vi vil forplikte oss til at desse blir lokale. SINTEF har laga ein rapport som viser ringverknadene av ein slik oppdrettslokalitet. Rapporten viser at synergiarbeidsplassane er 42 årsverk. Då snakkar vi Selstad, røyrleggarar, el-installatørar, serviceflåte og så vidare.

Han viser til at det er lenge sidan det blei etablert faste arbeidsplassar på Silda, og at etableringa kan kanskje bidra til å halde oppe båtruta til øya.

– Vi har også akvakulturlinja ved skulen vår, og vi vil jo ta i mot lærlingar, legg han til.

Blom Fiskeoppdrett har også erfaring med visningsanlegg.

– Ein kan konstatere at turistar ønskjer å sjå norsk oppdrettsnæring. Vi skal kanskje også søke om å bli visningsanlegg. Det vil gi mange moglegheiter i form av aktivitetar.

Ønskjer ikkje vere til hinder

– Vi tek det dei skriv på høgste alvor, seier dagleg leiar Øyvind Blom i Blom Fiskeoppdrett, etter å ha lese protestane i brevet frå Silda velforening.

Sverre Søraa i Coast Seafood, den største enkelteigaren i Blom Fiskeoppdrett, peikar på fleire positive ringverknader som eit oppdrettsanlegg kan føre med seg.

– Det er ein gong slik at når ein sender søknad, så er det ulike sektormyndigheiter som handterer og forvaltar mykje av det dei tek opp i brevet. Alt som dei er bekymra for, dette med miljøet og Sildakruna miljøvernområde, blir ivareteke av sektormyndigheitene.

Når det gjeld frykt for støy, ønskjer selskapet landstraum.

– Dersom det er teknisk mogleg, kjem vi til å legge ut landstraum, slik at det ikkje blir støy frå generator der ute. Blom har ein veldig høg miljøprofil, og vi vil ikkje brenne diesel om vi kan bruke vanleg straum, seier Blom.

I brevet peikar velforeininga på at fjøra vil bli avstengd.

– Det blir heilt feil. Det er ikkje 100 meter sikringssone rundt eit slikt anlegg. Det gjeld fiske, men for ferdsel er det 25 meter som gjeld. Vi tar ikkje opp noko plass i strandsona, all ferdsel vil fungere som før.

Det er ifølgje karta til Fiskeridirektoratet rekefelt i området.

– Vi har lagt opp fortøyningsplan slik at det ikkje blir eit hinder for registrerte rekefelt. Men vi må berre sette oss ned med kommunen og fiskeriinteresser, og sjå kva vi kan gjere. Vi er opne for gode samtalar med lokalbefolkninga. Vi ønskjer ikkje strid, seier Blom.

Sverre Søraa i Coast Seafood legg til at dei allereie har utført omfattande undersøkingar av området.

– Vi har kartlagt heile botnen og gjort straummålingar for å sikre at dette er ein eigna lokalitet, seier Søraa, som legg til at dette er den siste oppdrettslokaliteten i Vågsøy.

Han forklarar også at ein vil ta i bruk det ypparste som finst av teknologi sidan dette er eit heilt nytt anlegg.

Vil invitere til møte

Sverre Søraa vil gå i dialog med Silda velforeining, og i tillegg invitere til folkemøte på Silda i sommar.

– Vi vil forsøke å få til eit møte i slutten av juli, slik at vi klarar å samle mest mogleg fastbuande og hyttefolk. Vi ønskjer ein god dialog, og skal stille med alt vi har av fagkunnskap, slik at eventuelle lokale forhold blir i vartatt, seier Søraa i Coast Seafood. Selskapet er den største eigaren i Blom Fiskeoppdrett.

Dei også vil ha dialogmøte med Silda velforening og Fiskarlaget.

– Eg meiner at etableringa vil gi mange nye moglegheiter. Det er fleire positive ting vi kan gjere ut av ei slik etablering, kontra at det skjer ingenting. Vi er no tidleg i prosessen, og det er nettopp dialogen som er viktig å få for å unngå faktafeil, og at folk går rundt og trur noko som viser seg ikkje å stemme.