Klokka 16.30 torsdag ettermiddag tok politiet mannen som dei er sikre på stal ein Porsche 911 på Nordfjordeid onsdag kveld.

Politiet har jakta på mannen etter at han stal bilen.

Då bilen vart funnen i full fyr natt til torsdag så var det ein annan person dei fann ved bilen.

Lensmann i Eid, Vebjørn Moa, seier dei endå ikkje har fått klarheit i om det var den same mannen som køyrde då bilen tok til å brenne om natta. Men dei fann då ein annan rusa mann ved den brennande bilen som dei sette i varetekt.

No skal mannen som blir sikta for biltjuveri avhøyrast for om muleg å finne ut om det var han som hadde køyrd om natta.

Begge personane som er tekne er kjenningar av politiet. Ingen av dei to som er i 30- og 40-åra har førarkort.

Moa seier at bilen er observert fleire stadar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i stor fart.

- Vi har ikkje teke sjansen på å starte noko biljakt i fare for at vi kunne sette andre luv i fare, seier Moa til Fjordenes Tidende.