Intens og kraftfullt. Det vonde mot det gode. Opera i kyrkja trefte med eit brak då førestillinga endeleg kom heim til Eid.

Premieren på turneen Opera i kyrkja skulle vere på Eid fredag 29. januar. Det vart sunge om «varsel» i førestillinga som Trond Halstein Moe både har hatt idéen til og regien for, og barytonen song jamvel ei av hovudrollene.

Var det tilfeldig at orkanen Tor nådde sitt klimaks akkurat klokka 19 premierekvelden? Kven veit. Torsdag kveld, nesten ei veke etter planen, kom endeleg Opera i kyrkja til Eid, og igjen small det, denne gongen inne i kyrkja.

Dei var både vonde og fromme, operasongarar, koristar og dansarar. Jamvel satan sjølv dukka opp. Mystisk lyssetting av operahuset sin eigen lysdesigner Ovar Holmen skapte den rette stemninga, der mektige operastemmer og kraftfullt orkester danna lydbiletet.

Publikum møtte opp

Etter at førestillingane i Naustdal og Sogndal selde om lag 85 billettar kvar, halvparten av det ein håpa på, møtte publikum på Eid opp. Omkring 250 menneske fekk med seg ei hending det kan bli lenge til neste gong ein opplever.

Framsyninga er utdrag frå fleire kjende operaer med religiøse tema der handlinga utspelar seg i kyrkjerommet. Vi fekk høyre ariar, duettar, ensemble og korsatsar frå Tosca, Cavalleria Rusticana, Tannhäuser, Otello og Faust.

Hatt ideen i 30 år

Trond Halstein Moe var ein nøgd mann etter framsyninga.

– Eg laga noko liknande i mindre målestokk saman med studiekameratar i Bekkelaget kyrkje for 30 år sidan. Sidan har eg gått svanger med ideen om å lage ei heil førestilling. Eg har klipt, limt og sett saman frå ulike operaer.

– Eg fekk heldigvis Kari interessert. Kostyma og alt rundt er produsert her, seier Moe.

Han har vore tilsett ved Den Norske Opera i Oslo i 28 år. Sidan operasongarar har låg pensjonsalder er han no frilans og kan ta slike oppdrag.

– Men med Opera i kyrkja når vi folk også der ein ikkje har eigne lokale. Vi kjem oss ut til folk flest. Eg meiner det er ein viktig del av jobben vår.