Kommunestyrerepresentant Ståle Sandal (Sp) meiner Eid kommune tar for stor del i risikofylte investeringar. Han fryktar at pengebruken vil gå utover tenestetilbodet til innbyggjarane.

I kommunestyremøtet torsdag vart det lagt fram ei sak om at styret i Eid Industrihus vedtar at om naudsynt kan leigeavtalen med Sagastad Drift AS og Stiftinga Sagastad innehalde ei fem års avtale med Eid kommune om eventuell utsetting av husleige.

Det skal då gjerast om til renteberande lån for at bankane og Eid industrihus i fellesskap skal sikre naudsynt likviditet i Sagastad Drift AS dei fyrste åra. I kommunestyret vart det vedteke at godkjenningsmynde blir delegert til formannskapet.

– Allereie no er det snakk om at husleiga kan gjerast om til lån. Eg reknar med kommunen har tenkt langsiktig og kalkulert husleiga som ei inntekt. Då må ein kutte ein annan stad. Det kjem til å gå utover innbyggjarane og tenestetilbodet deira. Eg stiller spørsmåls ved kvifor vi skal vere ein så sterk del av ei slik investering, understrekar Sandal.

Han seier at det har blitt sagt at slike etableringar som Sagastad har det tungt i starten, men Sandal peiker på at Eid har det tungt allereie.

– Det er ikkje tvil om at Eid kommune sin økonomi er avgrensa. Eg har sett fleire ting i mitt relativt korte politikarliv som samfunnet bør ta på alvor. Som lærar gjennom 12 år merkar eg at rammene har blitt reduserte ved at elevane har mindre tilgang på helsesøstertenesta i ei tid der den digitale verda er koma og fleire slit med tunge tankar. Eg reagerer på at ein i den augneblinken ikkje har råd til noko, seier Sandal.

Eid kommune, ved Eid Industrihus, skal bygge Sagastad-bygningen og har sett ei kostnadsramme på 27 millionar kroner.

– Kva skjer om ein berre får anbod på 32 millionar. Skal ein legge prosjektet på is? Kor skal ein få dei pengane frå? Vi har mykje ungdomar på Eid, og det manglar 100.000 kroner til å legge nytt kunstgrasdekke på bana. Men der seier kommunen dei har gått inn med sin del. Kven er det som er viktige for oss? Eg er ikkje motstandar av prosjekta, men eg er motstandar av at kommunen skal vere ein part, seier Sandal.