- Fiskeskipparane foreslo å ta fri i dag og heller fiske i morgon, då det eigentleg var lagt inn ein fridag, seier Sunniva Oldeide i Måløy Havfiskefestival.

Bakgrunnen var at båtførarane bestemte at ein skulle halde seg innaskjærs under fiske i dag grunna dårleg vêr.

- Kvar morgon er det møte med båtførarane for å avgrense fiskeområde med tanke på sikkerheit. Då fiskeskipparane hadde møte like etterpå, kom forslaget om å bytte om på fridagane, fortel ho.

- Sikkerheit var ikkje problemet. Det handlar om å gje fiskarane best mogleg fiskeoppleving, seier Oldeide.

Forslaget vart teke godt i mot av deltakarane.

- Fiskarane braut ut i applaus då det vart bestemt. Dei vil heller prøve å kome seg utaskjærs i morgon då vêrmeldingane ser betre ut, fortel Oldeide.

- Eg må gje ein stor takk til båtførarane som snudde på flisa og stiller opp i morgon på kort varsel, legg ho til.