2014 blei det beste året i historia for K. Strømmen Lakseoppdrett. Aldri tidlegare har dei seld meir laks og tent meir pengar.

Med ei omsetting på heile 181 millionar kroner og eit driftsresultat på 56 millionar hadde dei det beste resultatet nokosinne. I fjor auka dei driftsinntektene med over 21 millionar kroner. For berre nokre få år sidan hadde dei underskot.

– Den gong var det dårleg pris, og vi gjorde mange investeringar. Det var den perioden vi bygde opp produksjonen, til det vi har blitt i dag, seier Sven-Jørgen Strømmen, dagleg leiar i familieverksemda

.God pris har vore avgjerande for det gode resultatet i 2014.

– Med 5.500 tonn fisk i fjor hadde vi også det største kvantumet vi nokosinne har hatt. Verksemda er viktig lokalt. Overskotet er vel på linje med Elkem, seier Strømmen.

Utvidar

No satsar dei vidare, og planlegg utviding på Grunneneset.

– Då får vi litt større fleksibilitet, og får gitt fisken litt meir plass, fortel produksjonssjef Robert Sandslett.

– To firkantbur skal bli to plastringar med laks. Tanken er at når stålanlegga blir for gamle, så skal vi bytte desse til plastringar. Vi har for eksempel fullt å gjere med ei oppgradering på Marøy, fortel Strømmen.

Verksemda har fire konsesjonar for produksjon av laks, og har anlegg på Grunneneset, Marøy, Endal aust og Løypingnes nord i Frøysjøen. Dei har no 1,3 millionar fiskar i sine merdar, og har konstant 3.000 tonn fisk. Dei satsar på matfiskefasen, og set ut fisk frå dei er 90–240 gram. No har dei laks frå 400 gram og til 7 kilo.

Eksotisk

Laks vert seld til hundre land, og dei synest det er kjekt at dei sel til Israel og Saudi-Arabia.

– Dette har kome inn som følgje av sushi-trenden, påpeikar Sandslett.

– Det er artig at dei no et fisken vår i eksotiske land. Dei likar å bruke oppdrettslaks i sushi, fordi villfisken har meir parasitt i forhold til oppdrettsfisk, seier Strømmen.

Kvite-Russland kjøper meir laks enn Japan, som tradisjonelt har kjøpt mykje tidlegare. Elles er Europa der dei tar mest laks.

– Verda er stor, og det verkar ikkje som om det er for mykje laks, seier Strømmen.