Ingunn Kvalheim frå Måløy er frustrert over ruteendringane på ekspressbussane, som fører til at ho er avhengig av velvilje frå sjåførane for å kome seg heim.

– Dette er nok til stor frustrasjon både for passasjerar som ikkje er klar over endringa og for sjåførar som må ta avgjersla om dei skal vente på passasjerar eller om dei skal køyre utan dei, fortel Ingunn Kvalheim

Ho oppdaga ved ei tilfelle endringa då ho var på veg frå Lærdal til Måløy med buss.

Fem minutt

Tidlegare har bussen frå Førde med avgang 16.45 korrespondert med ekspressen frå Oslo, slik at ein kjem seg til Måløy. Men etter omlegginga av eksspressbussrutene gjer ein ikkje lenger det.

Ekspressbussen reiser frå Eid 19.00, medan bussen frå Førde kjem til rutebilstasjonen på Nordfjordeid klokka 19.05. Kvalheim, som kom frå Lærdal, måtte byte buss på Skei, og gjekk då på bussen som var på veg frå Førde til Nordfjordeid. Berre velvilje frå sjåførane gjorde at ho kom seg heim denne kvelden.

– Sjåføren i bussen måtte ringe til sjåføren i ekspressbussen, slik at han kunne vente på rutebilstasjonen på Nordfjordeid i fem minutt, for at eg skulle få sitte på. Dette var ingen problem, og då tykkjer eg det er rart at dei har lagt opp ruta slik, seier Kvalheim.

Øydelegg for passasjerane

Før endringane trådde i kraft 4. januar i år gjekk ekspressbussen mot Måløy klokka 19.25, og korrespondanse var ikkje noko problem.

Kvalheim meiner at det er problematisk at dei nye rutetidene ikkje er å finne i ruteheftet som skal vare til 18. juni i år.

– Det er kanskje ikkje så mange som har opplevd den manglande korrespondansen enno sidan det er ei ny endring, men det er veldig irriterande at ein skal lage ei omlegging som øydelegg for brukarane, seier ho.

Kvalheim understrekar også det faktum at ein blir oppmoda om å nytte seg av kollektivtrafikk.

– Vi blir til stadigheit oppfordra til å nytte oss av buss i staden for bil, men det blir jo vanskeleg når ein lagar endringar som øydelegg for dei som ønskjer å køyre kollektivt.

Endrar rutetidene fyrst i juni

Nettbuss har vore klar over problemstillinga og vil endre rutetidene for ekspressbussen, men ikkje før 20. juni.

– Nettbuss har vore i dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune for å finne ei løysing, slik at ekspressen igjen kan korrespondere med andre bussar. Dette har vi funne ei løysing på no, ved at ein endrar ferjeavgangen på Stårheim-Isane til kl. 19:25 gjeldande frå 20. juni, fortel marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein Arne Vik.

Ekspressbussen frå Oslo skal i dag rekke ferjeavgangen på Stårheim 19.20, og må difor reise frå Nordfjordeid 19.00. I tillegg skal bussen nyttast som nattbuss med avgang frå Måløy 21.15.Bussen må til Deknepollen for tømming av toalett, tanking og reingjering.

– Det er knapt med tid og det er ein av grunnane til at vi ikkje kan vente i fem minutt ekstra på Nordfjordeid. Det er så lite at det kan vere vanskeleg å forstå at det er avgjerande, men det trengst, fortel Vik.

Marknadssjefen meiner ikkje det er problematisk at omlegginga av ruter ikkje har kome med i ruteheftet.

– Alle ekspressbussane er merka i heftet med at det er atterhald om endringar. Det er viktig at folk søker etter rutetider for ekspressbussane på nettbuss.no, seier Vik.