Det er ikkje berre Nergård som jublar etter sigeren mot Pelagia.

Bakgrunnen for rettssaka, var at Pelagia meiner det er ein klausul på eigedomen som forhindrar at Nergård kan bygge nytt anlegg der. Pelagia tapte i retten, og Fiskebåt meiner det er sunt for marknaden og heile nasjonen at Nergård får starte opp.

– Vi syns det er positivt å få konkurranse om råstoffet, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt, bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av havfiskeflåten til Nett.no.