Ei kvinne har mista livet i ein front mot front-kollisjon på Rv 15 vedBryggja i Vågsøy.

Kvinna skal vere frå Nordfjord.

Ulukka skjedde i 80-sonen like før klokka 10.00 torsdag morgon.

To personar vart frakta til sjukehus.

Bådepoliti, brannvesen ambulanse og to ambulansehelikopter var ute på ulukka.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Per Rimmen, kanikkje seie noko om årsaka til ulukka.

- Politiet er på staden og gjer sine undersøkingar. I tillegg erulukkesgruppa til Statens Vegvesen på veg til område for å undersøkje bådebilane som var involvert og området der det skjedde, seier Rimmen.

Det var to personar i den eine bilen og ein i den andre. Den eine bilenvart liggande på taket.

Ein person vart sittande fast ei stund.

Rimmen kunne ikkje seie noko om tilstanden til den eine personen somvart sendt til Førde Sentralsjukehus.

Dei tre personane som var innvolvert i ulukka skal, ifølgje Rimmen, vere godt vaksne personar.

Den andre vart sendt til sjukehus i Ålesund. Denne personen skal,ifølgje Rimmen, vere fysisk nesten uskadd.

Rv 15 ved Bryggja var stengd ei stund etter ulukka, og det varomkøyring gjennom Bryggja sentrum.

Det var tørr vegbane der frontkollisjonen skjedde.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.