Ny nasjonal kartlegging syner at tenestetilbodet til personar med demens har blitt betre.

Kommunane i Sogn og Fjordane er på rett veg sjølv om måla i Demensplan 2015 enno ikkje er nådde, opplyser Fylkesmannen.

Det er oppretta demensteam/demenskoordinator i 22 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Både Bremanger, Vågsøy, Selje og Eid har demensteam på plass, medan Vågsøy og Eid også har demenskoordinator. Til samanlikning var det i 2007 berre demensteam i fire kommunar i fylket.

I Fjordenes Tidende sitt nedslagsfelt er det berre Bremanger og Selje som har ein demensplan, viser kartlegginga. Ingen av kommunane har hatt politisk behandling av demensplanen.

No har også 17 kommunar tilrettelagt dagaktivitetstilbod til demente. Både Vågsøy, Selje og Eid har dette på plass, medan Bremanger er utan.

Bremanger, Selje og Eid har støttekontakt for demente, noko Vågsøy manglar. Alle fire kommunane har gjennomført pårørandeskule. I heile Sogn og Fjordane har 16 kommunar gjort det same.

Alle fire kommunane har skjerma einheit for demente på sjukeheim, medan berre Vågsøy har forsterka denne på sjukeheimen. Det er også berre Vågsøy i vårt område som har bukollektiv for demente, viser kartlegginga.