Då Sel­je kom­mu­ne in­vi­ter­te til in­for­ma­sjons­mø­te for om­or­ga­ni­se­ring av hel­se­te­nes­ter, vart mø­tet lagt til eit lo­ka­le der rørs­le­hem­ma ik­kje kom seg inn.

Det gjer Berit Rundereim Åndal arg.

– Eg skjønte då eg såg innkallinga om informasjonsmøte i Sunnivasalen på Selje Hotel, at der kom ikkje rørslehemma inn. Likevel reiste eg til møtet for å markere saka, seier Berit, og fortel at dei lurte på om ho ikkje kunne kome inn på nedsida.

– Det har eg prøvt før, eg har vore i den salen som rullestolbrukar ein gong tidlegare, då måtte tre vaksne mannfolk bere meg inn.

Vil berre seie frå

Rundereim Åndal presiserer at dette ikkje er noko ho gjer for å lage problem for andre.

– Eg er ikkje ute etter å kritisere hotellet, eg ynskjer dei nye eigarane alt godt. Eg vil heller ikkje kritisere helsetenestene i kommunen som eg har fått uvurderleg hjelp av. Eg trur ikkje nokon med vilje ynskjer å stengje ute rullestolbrukarar. Men eg tek oppgåva med å gje beskjed på vegne av rørslehemma i kommunen om at slikt ikkje er greitt. Det går ikkje an å legge eit viktig informasjonsmøte om omorganisering av tenester der vi er ei viktig målgruppe, til eit lokale vi ikkje kjem oss inn i, seier Stadlandsdama som fekk kulturprisen i Selje i 2010.

Utfordrande kommunehus

Av møteinvitasjonen, signert rådmann Ørnulf Lillestøl, går det fram at informasjonsmøtet gjaldt ei omfattande omorganisering innan helsesektoren.

– Når eg først vart rørslehemma, kunne eg ikkje bu i ei betre bygd enn Leikanger. Her har det meste universell utforming og eg kjem meg inn der eg vil. Men mellom anna kommunehuset i Selje er problematisk. Eg var der i samband med førehandsrøysting i haust, og vart redd. Til dømes måtte eg rygge rullestolen ut av heisen. Han er 1,20 meter lang, golvet mot trappa er 1,70. Eg kom faretruande nær og var redd eg skulle rulle utfor. Eg fekk skikkeleg høg puls.

– Fryktar du at rørslehemma i kommunen blir ramma av den varsla omorganiseringa, at de gjekk glipp av viktig informasjon?

– Eg har heimesjukepleiar kvar morgon og personleg assistent ni timar kvar veke, og er livredd for at det skal falle bort, seier Berit Rundereim Åndal.