– Vi vil flytte heim til Nordfjord. Prosessen har akkurat begynt, men her skjer mykje spannande, seier Thomas Kupen frå Hjertenes i Vågsøy og Linn Hjelle frå Eid.

Paret har budd henholdsvis seksten og to år i Bergen, og under Påsketreffet i Operahuset var dei klare på kvar framtida er.

– Kva som rører seg i Nordfjord er vi veldig nysgjerrig på, seier Kupen.I Operahuset møtte dei mellom anna Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

– Det er flott å høyre at de vil flytte heim, seier Maurstad.

– Vi er ein tett region, og ungdom ser ikkje på grensene slik eldre gjer. Dei ser på heile regionen, og kommunen her utfyller kvarandre, meiner Maurstad.– For oss er det viktig å vere her og gjere Selje synleg. Vi ønskjer å rekruttere nye innbyggjarar, kanskje få ein familie til å flytte heim, seier Osdal.

For dei potensielle heimflyttarane Kupen og Hjelle er nettopp familie eit stikkord til å flytte heim til Nordfjord.– Begge har familie her. Det er her vi har vakse opp begge to, fortel Hjelle.

– Og så ser vi engasjementet som er her, både i ytre og indre Nordfjord. Men det viktigaste for oss er heile regionen, alt som skjer her, seier Kupen. Naturen er også eit trekkplaster – at ein kan stå på ski på Strynefjellet og surfe på Stad på ein og same dag.

– Det er slike element ein ikkje finn i ein storby. Der vert eigentleg korte avstandar lange. Når ein skal på butikken så må alt planleggast. Ved å bu her så slepp ein å tilbringe fritida i bilen, påpeikar paret. Dei er ikkje fastlåst på kvar dei skal flytte heim.

– Her er mange moglegheiter, jobben vil avgjere, trur dei. Fleire omgangsvener og jamaldringar har flytta heim, og det gjer det også lettare å ta valet.

– På enkelte uteplassar i Bergen finn ein berre nordfjordingar, og då kan ein likegodt bu heime i Nordfjord, smiler dei.