Stenginga av FM-nettet med overgang til DAB-teknologi for radio er omstridt, men grunnleggjar Oddvar Flølo og dagleg leiar Geir Gjørsvik i Paneda som sit midt oppe i teknologien, er tydelege på at dette er rett veg å gå:

– Det er veldig smart. Vi ynskjer digitalisering på alle andre område. Kvifor skal vi ikkje gjere det med radio? DAB er mykje meir effektivt, det gjev ei stor innsparing, seier Gjørsvik.

Flølo, den som har mest innsikt i sjølve teknologien av dei to, skildrar det slik:

– FM treng ein radiosendar for kvar radiokanal. Med DAB kan du ha 18 radiokanalar på ein sendar. Det gjer at ein får utnytta radiosendarane mykje meir effektivt. Det er innlysande at overgangen frå analog til digital radio bør gjennomførast. Det er bra at Norge går føre. Og sjølvsagt er det bra for oss, seier mannen som starta gründereventyret i Kystsenteret i 2001 med bakgrunn i ei forretning for radio og TV.

Paneda i Selje kan vise til ein omsetnadsauka på 25 millionar.

Dei to leiarane og eigarane viser søylediagram frå oppstarten fram til i dag. Spesielt siste par åra har omsetnaden auka veldig. I fjor omsette verksemda for om lag 70 millionar kroner. I 2007 hadde Paneda fire tilsette, no er dei 24, inkludert fire tilsette i avdelinga Paneda Tech i Linköping i Sverige, eit dotterselskap til Paneda DAB.

Dei leverer mellom anna kringkasting i tunnelar med system som gjer at du kan høyre på radio i bilen og samtidig få melding om det skjer noko. Systemet bryt inn i sendinga.

Eit anna produkt er ein kringkastingssentral som omformar lyd frå studio til DAB-signal før dei blir sende ut på nett.

– Dette var eit Forskings- og utviklingsprosjekt (FoU) saman med NRK, P4 og svenske Teracom med støtte frå Innovasjon Norge. Produktet er heilt unikt og blei lansert på verdas største kingkastingsmesse i Amsterdam i fjor haust. Vi har no kundar i Sverige, Danmark, Italia, Tsjekkia/Slovakia, Latvia, Dubai, Mayanmar, Belgia og Australia. I dag fyller slike sentralar store rom i dei dominerande kanalane. Vi har pakka teknologien inn i ein liten boks. For små lokalradiostasjonar er dette prisgunstig. For større stasjonar tilbyr vi meir avanserte system. Kunden vår i Belgia er den nasjonale radiostasjonen.