Ved Skavøypoll skule har dei sidan august i fjor bygd opp eit fagmiljø med kompetanse i teiknspråk. Slik får fire søsken opplæringa dei har krav på.

– Eg får med meg meir av undervisninga, og er mindre sliten etter skulen når eg har teiknspråktolk i timen. Dei timane eg ikkje har tolk, må eg konsentrere meg meir og blir sliten, fortel Ingrid Vågen (13).

Ho er elev ved Vågsøy ungdomsskule som midlertidig held til på Tennebø – ein kilometer frå Skavøypoll skule der dei tre yngre søskena hennar er elevar.

Eirik (12), Øyvind (11) og Johanne (10) er også i gruppa elevar som ifølgje paragraf 2–6 i opplæringslova har rett på grunnskuleopplæring i og på teiknspråk.

Har bachelorutdanning

Vågsøy kommune starta i 2006 å byggje opp kompetanse kring teiknspråk. Etter kvart har behovet endra seg, og frå august 2015 er Skavøypoll skule knutepunkt for teiknspråk i barneskulane i kommunen. Her er det no eit fagmiljø med personar med bachelorutdanning i teiknspråk og tolking.

Kathrine Kvalheim Osnes, Ingrid Nybakk, Cecilie Humstad og Tonje Espe Aase har base på Skavøypoll skule. Dei to sistnemnde er frå høvesvis Trondheim og Odda og har flytta til Vågsøy i løpet av siste månadene for å jobbe med teiknspråk.

Naturleg del av skuledagen

Rektor Viviann Midtbø ved Skavøypoll skule fortel at dei har lagt opp til at teiknspråk skal vere ein integrert og naturleg del av skulekvardagen også for dei andre elevane.

Klasseromma er utstyrt med mikrofonar som lærarar og elevar snakkar inn i. Dei fire søskena har operert inn cochleaimplantat, det vil seie eit høyreapparat som er plassert i indre delen av øyret, kalla sneglehuset. Høyreapparatet verkar saman med eit apparat plassert på hovudet bak øyret.

Aktive i idrett

– Når eg tek av meg apparatet, høyrer eg ingen ting. Til dømes når eg skal bade, fortel Eirik.

Søskena deltek på både fotball, friidrett og turn.

Vi fekk vere med då 6. klasse hadde teiknspråk-quiz gjennom nettstaden kahoot.it. Alle elevane logga seg inn på nettstaden og svarte på spørsmål om teiknspråk. På ungdomsskulen har ei gruppe på 15 elevar valt teiknspråk som fag på line med til dømes tysk og fransk.

– Min største draum er å kunne snakke med vener på teiknspråk, seier Johanne.

Nyleg deltok ho i UKM med Frost-låten La det gå på teiknspråk.

Torsdag var Norges einaste døveteater, MANU, i Nordfjordhallen. Skavøypoll skule og Skavøypoll barnehage var arrangør.

Får fjermundervisning frå Bergen

Elevane som har krav på opplæring i og med teiknspråk ved skulen har tolk i nesten alle skuletimar. Når skuledagen er slutt for dei andre, får Ingrid, Eirik, Øyvind og Johanne Vågen opplæring i teiknspråk.

Undervisningsopplegget er eit samarbeid med Nattland skole i Bergen der Statped Vest si avdeling for deltidsopplæring er lokalisert. Elevane får tilbod om å reise seks veker i året til skulen, og ein time fjernundervisning i veka.

– Vi har også lagt opp til at lærarane våre skal få auka kunnskap om teiknspråk, vi har fleire som har teke 30 studiepoeng på fagområdet, fortel rektor Viviann Midtbø.

– Vi såg behovet for meir folk med denne kompetansen, og har medvite rekruttert personar med teiknspråkkompetanse til Vågsøy kommune.

Skulen deltek i Hørselsnettverk for Ytre Nordfjord saman med Statped Vest og PPT. Der samlast tilsette i kommunane som gjev opplæring i og på teiknspråk.

- Vi har fagøkter med eksterne førelesarar og ein utvekslar og deler erfaringar og idear på tvers av kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og Bremanger, seier rektor Viviann Midtbø ved Skavøypoll skule.