– Det har alltid vore Frelsesarmeen. Det har vore plassen vår, seier Gretha Vederhus, som saman med mannen Johan har stilt opp og vore med i armeen sida ungdomsåra.

Fleire har bite seg i merke tida og arbeidet som ekteparet har lagt ned, og meiner dei fortener ei julestjerne. – Vi vil ikkje ha merksemd, seier dei, samtidig som dei takkar fint for julestjerna.

Fann kvarandre

Gretha er frå Måløy og var 12 år då ho begynte i Frelsesarmeen.

– Eg kunne ikkje tenkt meg noko anna. Det har vore min plass sidan eg var ei lita jente, og det har ikkje vore noko som kunne ha rokka ved det. Det har vore vår gudsteneste, om ein kan seie det slik, og vi har stått på med det vi klarar.

Johan, kjem frå Raudeberg der dei no er busett, og var 14–15 år då han blei med i armeen. Det var også her dei møttest, og då dei var 25 år gifta dei seg. Paret fekk etter kvart fire born, som Gretha var heime med.

– Det var jo ikkje barnehage i dei tider. Men eg har også stått på forretning, hermetikkfabrikk og kokt.

Vaktmeister og korpssekretær

Etter å ha stilt opp i armeen sidan dei var unge, er det vanskeleg å talfeste arbeidet dei har lagt ned.

– Det går ikkje å rekne opp, smiler Johan. I 1993 flytta Frelsesarmeen i Måløy inn i nye lokale.

– Vi heldt til i det gamle huset som stod ved sidan av. Det var litt trongt, så vi var på jakt etter noko større i Måløy. Eg drog og prata med dei som kunne selje, og fekk napp med ein gong. Deretter reiste eg til Oslo for godkjenning, og då var det gjort, fortel Johan.

– Det var ein fantastisk dag då vi flytta inn der, legg Gretha til.

Johan var bygningsleiar for nybygget, og har heile tida sidan vore vaktmeister og passa på at huset er i god stand. Av yrke er Johan bygningssnikkar. Gretha på si side har vore korpssekretær, og ansvarleg for basarar og julemesser.

– Etter kvart som alt blei på data, så har eg gitt meg som korpssekretær. No er det basarar og julemesse eg klarar å nå i dag, seier Gretha, og påpeikar samtidig at dei er fleire om julemessa.

Meir for dei unge

Gretha og Johan er i dag dei eldste soldatane igjen i armeen.

– Det er vanskeleg å rekruttere nye. Det er mest tilhørige no, og dei står på og er fantastiske, seier ho.Paret ser ei endring i armeen frå då dei var unge til no.

– Det var heilt annleis. Vi hadde møte på 105 utpostar her. Og det var haustfestar, seier Gretha.

– Juletrefestar frå ut på Stad til sør i Bremanger og innover fjorden, legg Johan til. No er det meir aktivitetar for barn og unge.

– Det er mykje heile veka for dei unge. Konfirmantundervisning og babysong. Det er vi for gamle til no, men vi går på gudstenester og festar, seier ho.

– No har vi tidsnok med oss sjølve, smiler dei.

I fredagsutgåva av Fjordenes Tidende kan du lese meir om fleire som får ei julestjerne av Fjordenes Tidende.