– Det er særleg laks og torsk vi marknadsfører her, fortel Osmundsvåg, som dei siste tre åra vore Norges sjømatråd si utsending i Spania.

– Spania har blitt ein av den fem største vekstmarknadane i eksporten frå norske, sterk vekst i laks og torsk, og det har blitt endå viktigare dei tre åra eg har vore her. Ein ser også ein aukande interesse frå norske eksportørar når det kjem til å selje til Spania.

Variert kvardag

Osmundsvåg arbeider med å marknadsføre produkt gjennom butikk, pressereiser til Norge, forskjellige arrangement og messer.

Hildegunn har vore tre år i Madrid som fiskeriutsending for Norges sjømatråd. – Desse åra har vore heilt fantastiske, seier ho.

– To gongar i året sender vi også reklame på spansk TV. Vi har sjølvsagt mykje kontakt tilbake til Norge, der vi informerer eksportørane som sel fisk her i Spania, og nye eksportørar kan bruke oss som rådgjevarar når det kjem til korleis ein bør gå inn i marknaden og jobbe i Spania.

– Akkurat no er det ikkje volum vi fokuserer på, men preferansar på det at fisken skal vere norsk. Det går rette vegen, seier ho.

Kulturforskjell

Arbeidskvardagen er variert, og noko anna enn ho var vand med frå Norge.

– Desse åra har vore heilt fantastiske. Eg har måtta utfordre meg sjølv, men eg lova meg sjølv å alltid seie ja. Eg har vakse utruleg mykje både fagleg og som menneske i jobben eg gjer, og eg har fått mange nye kontaktar. Det er både interessant, spennande, og innimellom utfordrande. Eg gjer mykje som eg ikkje har vore borte i før, fortel fiskeriutsendinga om jobben i Spania.

Familien samla: – Som familie vart vi utruleg samansveisa, då det berre var oss fram til ein fekk vennar og omgangskrets, fortel Hildegunn. Her saman med mannen Kjetil og borna Nicklas, Alexander og Louise.

– I byrjinga var det litt kulturforskjellar. Ikkje berre byrja eg i ny jobb, men eg flytte med familien til eit nytt land. Det eg ser tydelegast av kulturforskjellar er at alt skjer seinare her enn heime. Møte tar for eksempel lang tid. Vi er kanskje meir effektive i Norge. Det blir ofte mykje prat før ein går i gang her, og det er vanleg å invitere folk på lunsj før ein kallar dei inn til eit møte, men eg slepp litt unna på akkurat det sidan eg er norsk. Som person føretrekker eg den norske måten, men ein tilpassar seg, ler Hildegunn Fure Osmundsvåg.

Har femårskontrakt

Fiskeriutsendinga trivst godt i Madrid, men ser ikkje vekk frå at ho og familien flytter tilbake til Vågsøy ein gong i framtida.

– Utgangspunktet no er at eg har ei femårskontrakt, så vi skal heim til Norge ein eller anna gang fram i tid. Eg er ganske sikker på at eg vil tilbake til sjømatnæringa, då det er ei utruleg spennande næring som Norge satsarpå og som er i vekst, og eg føler at eg kan tilføre mykje. Eg ser heller ikkje vekk ifrå å komme tilbake Vågsøy om den rette jobben dukkar opp, fortel ho.