– Dette er kjempebra og vi er veldig takknemlege. Desse pengane går til eit prosjekt som er varig og veldig viktig for mange. I tillegg betyr 200.000 kroner frå Sparebankstiftinga mykje i form av at ein kan løyse ut andre midlar, seier Wenny Irene Hansen, som er prosjektleiar for turstien i Fjordkysten.

Målet med prosjektet er å restaurere stien frå Hunskår til Hornelen. Prosjektet har eit budsjett på om lag 6,6 millionar kroner.

– Vi ønskjer å gjere stien tryggare og betre, samstundes som vi tar betre vare på naturen. Det er fleire og fleire som går denne typen fjellturar. Folk ønskjer å oppleve Europa si høgaste sjøklippe, så potensialet er stort. Ved å restaurere stien gjer vi den betre for alle, det vere seg internasjonale turistar, barn og unge og eldre, forklarar Hansen.

Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Bremanger kommune (prosjektansvarleg) og destinasjonsselskapet Fjordkysten, er godt i gang, og sherpaane som har arbeidd på stien tidlegare kjem tilbake i juni.

– Dei fire sherpaane var her i to periodar i fjor. Då arbeidde dei både med å lage ein sherpa-sti nede, men dei har også fått laga ein sti på øvste platået, i ura. Vi har valt å bruke sherpaar fordi det er såpass bratt. Vi såg på slutten av sesongen i fjor at sidan det er så bratt, glatt og gjørmete utvikla det seg fleire stiar, så her er det viktig å få gjort tiltak, fortel Hansen

– Det dei har gjort så langt er kjempefint, men det står framleis ein del att, fortset ho, og legg til at ein ser føre seg ferdigstilling av turstiprosjektet i 2017 eller 2018.

Følgjande har også fått midlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane:

  • Skavøypoll skulemusikkorps: 20.000 kroner til ny fane i korpset

  • Vågsøy skulekorps: 20.000 til oppgradering av eksisterande korpsuniformer

  • Stadlandet ungdomgslag: 12.000 til musikkverkstad

  • Svelgen skulemusikk: 20.000 kroner til sommarleir for skulekorps og aspirantar i Svelgen 10.-13. august.

  • Bremanger skulemusikk: 20.000 kroner til klarinettar, tverrfløyter, to helgesamlingar og korpskafe med skulemusikkbasar.

  • Kalvåg skulemusikk: 20.000 kroner til midlar for å delta på Nordvesten Sogn og Fjordane.

  • Svelgen opp og fram: 50.000 kroner til utviding av fontene ved Svelgen samfunnshus

  • Kulturhuset Realen: 50.000 kroner til å starte opp ungdomsklubb i Svelgen, innkjøp av utstyr og inventar.

Av fylkesdekkjande organisasjonar har følgjande fått midlar:

  • Brak: 100.000 kroner til vidareføring og vidareutvikling av Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU).

  • Sogn og Fjordane Energi AS: 100.000 kroner til gjennomføring av energikonferansen Kraft i Vest.

  • Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane: 90.000 kroner, søkt til seg sjølve og dei 18 lokallagene.

  • 4H Sogn og Fjordane: 270.000 kroner, søkt på vegne av 4H-klubbane i fylket

  • Naturvernforbundet Sogn og Fjordane: 80.000 kroner til å ta vare på naturområde og legge til rette for naturgledeaktivitetar i Sogn og Fjordane.

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: 150.000 kroner til "grøn skule".