Politiet fekk medhald i at ein mann i 50-åra blir varetektsfengsla i fire veker etter at han oppførte seg trugande mot ein familie i Vågsøy, og imot politiet.

Det opplyser lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, til Fjordenes Tidende.

Mannen er ein kjenning av politiet, og Hvattum seier dei no vil prøve å få mannen til å sone tidlegare domar og lovbrot som han har på seg.

- Han har i alle fall ein dom på seg, seier Hvattum.

Heime hos mannen fann politiet gjenstandar som dei meiner stammar frå tidlegare innbrot i området. Han er mistenkt for heleri og skadeverk.

Det var like over midnatt, natt til tysdag at politiet rykte ut til eit hus i Vågsøy etter melding om trugslane.

Mannen skal ha trua familien fleire gonger, og då politiet kom så trua mannen også politiet. Det resulterte at han blei teken med av politiet og sett i arresten i Eid.