Hamnedirektøren er positiv til at Nordfjord Havn IKS går inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid AS.

Dette melder Fjordabladet.

Tilrådinga er i samsvar med innspel frå Eid kommune, om at Nordfjord Havn IKS går inn med 8,9 millionar kroner, noko som vil utgjere 49 prosent av aksjekapitalen, skriv avisa.

– Dette er eit svært positivt signal. Eg synest vi frå Eid kommune si side har argumentert godt for at dette er eit prosjekt Nordfjord Havn IKS bør vere med på, seier Sigurd Reksnes (Sp), som er nestleiar og Eid kommune sin representant i styret i Nordfjord Havn IKS, til Fjordabladet.

Hamnedirektøren legg i si grunngjeving vekt på at ein Sea Walk på Nordfjordeid vil styrke heile Nordfjord i konkurransen med dei ande cruisedestinasjonane sør og nord for Nordfjorden, og at ein vil få variasjonar av turar for heile vest regionen.

Vidare peikar hamnedirektøren på at om ein går inn på eigarsida med 49 prosent, vil Nordfjord Hamn IKS saman med Eid kommune ha aksjemajoriteten over selskapet.

– Sea Walk bør då administrerast av Nordfjord Havn og om mogleg også driftast av denne, skriv direktøren, og legg til at om det viser seg Eid ikkje er den rette plassen for å etablere ein Sea Walk kan denne om naudsynt flyttast til andre destinasjonar.