Det nye biblioteket i Måløy tek form. Målet er at dei nye lokala skal vere meir enn eit tradisjonelt bibliotek.

– Tidlegare har vi til dømes ikkje hatt moglegheit til å ta imot skuleklassar eller barnehagar, men det kan vi no. I tillegg har vi mange nye tilflyttarar i kommunen vår, og vi håpar dei vil nytte biblioteket for å møtast, integrerast og lære språk, fortel tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune, Odd Gunnar Myhre.

Tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune, Odd Gunnar Myhre, og bibliotekar Tamara Sortland, håpar mange av innbyggjarane vil ta i bruk det nye biblioteket i Måløy. Foto: Marianne S. Rotihaug.

Tidlegare har biblioteket halde hus i Heradsheim, men det nye biblioteket er lokalisert i det gamle «DnB-bygget» i Gate 1 i Måløy, noko Myhre ser mange fordelar med.

– Det blir ein lettare tilkomst for brukarane av biblioteket, vi får opnare lokale, som både er lysare og meir moderne, og sidan alt er nytt er det sjølvsagt meir innbydande, seier han.

Det nye biblioteket vil ha mange av dei same fasilitetane som eit tradisjonelt bibliotek, men byr også på noko ekstra.

– Vi skal ha ei barne- og ungdomsavdeling i tillegg til dei vanlege avdelingane, eit eige rom som er tilpassa til lytting av musikk og lydbøker og stille soner der folk kan kose seg med bøker, samstundes som det er eit stort og ope lokale, forklarar Myhre.

For å endre lokalet frå eit gamalt kontorbygg til eit moderne bibliotek har det blitt gjort mange utbetringar.

– Huseigar har rive mange vegger og opna opp, oppgradert ventilasjon og lys, sett inn nye vindauge og nytt golv. Det har rett og slett vore ein total renovasjon av heile lokalet. Samstundes har vi prøvd å halde på litt av dei detaljane som var i bygget, for det er eit veldig flott bygg, fortel Myhre.

Ein av dei største endringane på biblioteket blir at ein får meir plass og boltre seg på. Dette håpar Myhre blir utnytta av innbyggjarane i kommunen.

– I tillegg til besøk frå skuleklasser, håpar vi å kunne samarbeide med lokale lag og organisasjonar om å ha arrangement på biblioteket, samstundes som vi vil ha våre eigne arrangement. Målet er då sjølvsagt å skape meir aktivitet og liv på biblioteket, seier han.

Dei nye lokala skal forhåpentlegvis lokke nye brukarar til biblioteket, ifølge bibliotekar Tamara Sortland.

Bibliotekar Tamara Sortland trur og håpar det nye biblioteket vil auke leselysta blant innbyggjarane i Vågsøy.

– Leselysta er heilt grei no, men vi trur den kan bli betre. Det er lettare for brukarane av biblioteket når dei lettare ser kva som finst av bøker og kan velje noko dei likar. Eg er heilt sikker på at omgjevnadane har mykje å seie for om folk kjem til biblioteket, fortel Sortland, som understrekar at det er viktig at barna kjem til biblioteket.

– Det er gjerne i ung alder at ein får interessa for bøker, så viss vi klarar å lage til eit godt tilbod der vi inviterer inn skular og barnehagar, så trur eg det vil vere med på å bidra til at enno fleire nyttar seg av biblioteket, seier ho.

Sortland, som vart tilsett i stillinga som bibliotekar midt i prosessen med å få til eit nytt bibliotek, innrømmer at det har vore eit overveldande år.

– Eg har vore veldig heldig. Det har vore mykje å sette seg inn i, men samstundes er det berre ein gong i livet ein får høve til å påverke så mykje på korleis eit bibliotek skal sjå ut, sjølv om ein er heilt ny. Eg får med meg heile prosessen, blir godt kjend med biblioteket og får det som eg vil, fortel Sortland, og legg til:

– Det blir utruleg kjekt å flytte inn i nye lokale, og eg gler meg til å vise det fram.

Biblioteket skal etter planane opnast i byrjinga av april.