Troda 4H ved Camilla Nesheim planlegg etablering av naturmøteplass på Davik.

Denne skal etablerast ved Langedalen ovanfor Lida på Davik.

I eit brev frå Bremanger kommune vert det vist til at det aktuelle området har planstatus LNF-føremål i arealdelen til kommuneplanen for Bremanger.

«Men det vil vere kurant å få dispensasjon/løyve for oppføring av bygning knytt til friluftsliv som vil vere tilgjengeleg for allmenn bruk, slik de har planar om. Det er ein føresetnad at bygget vert plassert utanom aktsemdsområdet for skred, sidan ein legg til rette for ein møteplass der mange skal opphalde seg», skriv Magnhild Myklebust, leiar for plan og forvaltning.

Kommunen er positiv til tiltaket, og lovar å handsame søknaden så snart denne er klar.