Fiskerikonsernet Nergård AS har planar om å etablere seg i Måløy med eit anlegg for mottak av sild og makrell.

Det fortalde toppsjefen i konsernet, administrerande direktør Tommy Torvanger i eit portrettintervju i magasinet Norsk Fiskerinæring.

Torvanger er frå Bremanger og leiar dette fiskerikonsernet som har 440 tilsette og fem fiskefartøy.

Planane er førebels lite konkrete, men han opplyser i intervjuet at målet er å få tilgang på meir makrell, og at difor er Måløy ein ideell stad.

Bjarte Tunold frå Bryggja i Vågsøy og Arne Stang eig 75 prosent av aksjane i Nergård Holding AS, som igjen eig Nergård AS.

I 2012 omsette konsernet som driv med sild, makrell og kvitfisk, for 1,2 milliardar kroner.

Nergård AS består av:

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende