Sverre Søraa og Coast Seafood har hatt stor suksess med nasjonalt samarbeid. Vågsøyværingen meiner at ein må få til det same i reiselivsnæringa og elles i Nordfjord.

Torsdag kveld lanserte Visit Nordfjord sin nye profil. Slagordet er Nordfjord – alt i ein fjord.

Destinasjonsselskapet ønskjer å formidle at her kan ein nå det villaste havet, den djupaste innsjøen og dei mektigaste breane innanfor om lag 100 kilometer.

Dagleg leiar for Visit Nordfjord, Marita Lindvik, er samd i at samarbeidet er grunnleggande for at den nye profilen skal fungere i framtida.

– Det Sverre og Coast har lukkast med heng i hop med det vi prøvar å gjere. Viss vi ikkje klarar å lære av det samarbeidet, så er det skuffande. Vi må sjå regionen som eitt, seier Lindvik, og legg til:

I tillegg til eit slagord for regionen har Visit Nordfjord og selskapet Creuna, som har laga den visuelle profilen, sett fokus på tre tema. Desse er saga, spor og smak.