Fjord1 hadde eit resultat før skatt på 150,9 millionar kroner etter årets seks første månader. Dette er det beste halvårsresultat sidan oppstarten av selskapet.

Til samanlikning var overskotet for tilsvarande periode i 2015 på 31,1 millionar kroner. Med desse tala leverer Fjord1 eit resultat som er om lag 120 millionar kroner betre enn for tilsvarande periode for 2015, skriv selskapet i ei pressemelding.

Betra vilkår i enkeltkontraktar og lågare olje- og finanskostnader er dei viktigaste årsakene til selskapet sitt gode resultat.

– Fjord1 har vore gjennom ei omstilling over fleire år som har gitt betre kontroll på kostnadane. Eit langvarig sikkerhetsarbeid har gitt vesentleg reduksjon i uønska hendingar og driftsavbrot til sjøs. God sikkerhetskultur gir god drift, og god drift er lønsamt, seier André Høyset. konstituert administrerande direktør i Fjord1.

For heile 2015 hadde Fjord1 eit resultat før skatt på 212 millionar kroner.

– Dei tilsette i Fjord1 står på kvar einaste dag for at vi skal fortsette den gode økonomiske utviklinga i andre halvår. Slik skal vi levere eit endå betre årsresultat enn i fjor, seier Høyset.