Rådmann i Eid, Åslaug Krogsæther, skal no skrive si tilråding til kva politikarane i Eid bør seie om kommunesamanslåing.

Formannskapet i Eid skal møtast 16. juni for å gje si tilråding til kommunestyret om kva ein i Eid ønskjer vidare. Kommunestyret skal gjere sitt vedtak i møtet 22. juni.

Rådmannen meiner det er viktig å beskrive prosessen kommunen har vore gjennom.

– Prosessen har ikkje vore bortkasta sjølv om det har teke tid. Kunsten må vere å kome seg vidare, og ikkje vente på ein ny runde frå staten.