Natt til torsdag møttest det tidlegare hurtigruteskipet MS Harald Jarl og den verneverdige MS Lofoten på Stadhavet.

MS Harald Jarl er omgjort til ein cruisebåt og går no under namnet MS Serenissima.

– Dei møtte MS Lofoten på Stad og ønska å fotografere møtet. Det er lang tid mellom kvar gong desse damene møtes, fortel Kristian Nesse, som er maskinsjef om bord RS Halfdan Grieg.

Solgunn Breivik, som er los om bord MS Serenissima, fortel at dei to skipa er rekna som søsterskip, og at det er andre gong MS Serenissima er i Norge sidan den blei tatt ut av drift som hurtigrute i 2001.

MS Lofoten bygd i 1964 er blant dei eldste og minste hurtigruteskipene, ifølgje Hurtigruten si nettside.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.